I stortingsproposisjon nr. 100 for 1991-92 om samtykke til ratifisering av EØS-avtalen skrei v Regjeringa følgjande:

«Hovedtrekkene i konsesjonsbestemmelsene for vannfall vil kunne opprettholdes innenfor rammen av EØS-avtalen. Staten vil fortsatt ha forkjøpsrett ved erverv av eiendomsrett til vannfall. ... Statens rett til hjemfall berøres heller ikke av EØS-avtalen.»

— Einsidig norske synspunkt

Dette vart følgt opp i innstillinga frå utanriks- og konstitusjonskomiteen som førebudde saka før behandlinga i Stortinget. I fleirtalsinnstillinga frå Ap, H og KrF vart det vist til «at den delen av konsesjonslovgivingen for vannfall som regulerer forvaltningen av vannkraften, ikke berøres av EØS-avtalen. Flertallet legger til grunn at ordningen med offentlig eie, statens forkjøpsrett og hjemfall til staten derfor er forenlig med EØS-avtalen.»

— Det som stod i proposisjonen var einsidige norske vurderingar. ESA hevda for EFTA-domstolen at desse synspunkta ikkje kom til uttrykk frå norsk side under forhandlingane med EU. Dette er no lagt til grunn av EFTA-domstolen, seier advokat Caroline Lund, som representerer Landssamanslutninga av vassdragskommunar, LVK.

— Det kan etter dette reisast spørsmål om Stortinget vart førd bak lyset med dei formuleringane som framgjekk av stortingsproposisjonen. Ein kan berre undrast over at Regjeringa ikkje tok desse spørsmåla opp og fekk dei avklara under forhandlingane på same måte som ein gjorde med områda fisk og olje. Dette galdt så viktige spørsmål at dei sjølvsagt burde vore ein del av forhandlingane, seier Caroline Lund.

- Yttarst alvorleg

— Det som no kjem fram er yttarst alvorleg. Vi hadde all mogeleg grunn til å tru at ei så viktig sak som heimfallsretten og praktiseringa av den, var avklara med EU og godkjend. Når det no kjem fram at dette var einsidige norske vurderingar som i det heile ikkje var teke opp med EU, gjev det grunnlag for å seie at Stortinget vart førd bak lyset, seier Johan J. Jakobsen. Han er tidlegare partileiar, parlamentarisk leiar og statsråd for Senterpartiet.

— Frå mi og KrF si side meinte vi at praktiseringa av heimfallsretten ikkje vart råka av EØS-avtalen. Hadde vi vore det minste i tvil om dette, ville det ha blitt ein heilt annan debatt, seier Kåre Gjønnes. Han var KrF sitt medlem i utanrikskomiteen i 1992.

BT har vore i kontakt med Thorvald Stoltenberg som var utanriksminister, Bjørn Tore Godal som var handelsminister, Finn Kristensen som var olje- og energiminister og Thorbjørn Berntsen som var miljøvernminister då EØS-proposisjonen vart framlagt for Stortinget i mai 1992.

Alle seier at heimfallssaka og praktiseringa av den vart vurdert som «heilt opplagt» og at det ikkje var spørsmål om anna enn at praksisen skulle halde fram.

Stoltenberg vedgår at dersom Stortinget fekk urette opplysningar så ligg det tungt på han sidan det var UD som la fram proposisjonen.

— Det som står der er noko eg har fått presentert og ikkje noko eg sjølv har funne på, seier Stoltenberg.

Han siktar då klart nok til embetsverket i UD i samarbeid med embetsverket i andre departement.

- Ville aldri godteke

Bjørn Tore Godal seier for sin del at det høyrest rart ut at Regjeringa skulle ha skreve noko i proposisjonen som EFTA-sekretariatet ikkje var innforstått med.

— Heimfallsretten og praktiseringa av den var så viktig for oss at om det hadde kome krav om inngrep her, trur eg ikkje Noreg hadde godteke det. Vi kan ikkje gje noko taum i den saka. Vi såg saka som heilt opplagt. Eg fekk difor hakeslepp då eg såg den nye dommen fra EFTA-domstolen, seier Berntsen.