Det meiner sentrale Senterpartipolitikarar.

I desse dagar når debatten om krigen mot Irak står på den politiske dagsorden, kan det vera vanskeleg for veljarane å skilja Senterpartiet får SV.

Men kjende Senterpartifolk nøler ikkje når BT ber dei lista opp saker som skil dei to partia får kvarandre.

— Natopolitikken, slår Rune Skjælaaen straks fast da han får spørsmålet.

— Historisk har SV først og fremst gjort seg kjend som for sin motstand mot NATO-medlemskap. Senterpartiet har alltid forsvara at Noreg skal vera medlem av alliansen. Det gjer vi no også sjølv om vi har same syn som SV på ein krig i Irak, seier stortingsrepresentanten.

Både SV og Sp markerte seg før den førre EU-avstemminga som dei to klaraste neipartia..

— No synest eg SV er veldig utydeleg i EU-spørsmålet, seier Skjælaaen. Han har ingen sans for SV-leiar Kristian Halvorsen som marknadsfører SV som eit parti der også ja-folk skal kjenne seg heime.

— Sjølvsagt kan det vera at det finst Senterpartiveljarar som er positive til EU. Men som parti skal det ikkje vera nokon tvil om at vi er eit nei-parti., seier Skjælaaen. Han meiner at SP også skil seg klart får SV når det gjeld synet på lokalt sjølvstyre og synet på statskyrkja.

— Kyrkjepolitikk har alltid vore eit prioritert område hos oss. Vi går inn for statskyrkja. SV, derimot, er motstandarar av Den norske kyrkja, seier Skjælaaen som var prest før han vart stortingsrepresentant.

— Miljøpolitikken, synet på kyrkja og eigedomsretten er tre vesentlege saker som skil oss får SV, seier partiets byråd i Bergen, Nils Arild Johnsen.

Han understrekar at forsvaret av eigedomsretten ikkje bare gjeld i høve til landbrukseigendomar, slik mange utanforståande gjerne vil framstilla det.

— Vi har alltid lagt vekt på å legge til rette for at det skal vera mogeleg å eiga små og mellomstore verksemder. I høve til eigedomsretten går det eit grunnleggjande ideologisk skilje mellom SV og oss, seier Sp-veteranen.

Både Skjælaaen og Johnsen vedgår at Senterpartiet og SV til ein viss grad konkurrerer om de same veljarane.

Men ingen vil innrømma at dei ser på SV som eit rivaliserande parti.

— Vi har same syn på krigen mot Irak og i hovedsak også på EU. Men vi legg ikkje opp nokon strategi for å stela veljarar frå SV, seier dei to.

Magnhild Meltveit Kleppa, leiar i kommunalkomiteen på Stortinget, framhevar også spesielt forskjellen ho ser mellom partia sitt verdisyn.

— Mellom våre medlemmer finn du eit spesielt sterkt engasjement både for statskyrkja og dei frivillige organisasjonane. Vi ønskjer ei statskyrkje som har stor indre sjølvråderett og som får rikeleg med midlar til drifta, seier ho.