• Forsvarsministeren har stått gjennom stormar før. Og det vil ho også gjere nå, seier statsminister Kjell Magne Bondevik til BT, etter at innstillingane med krass kritikk vart klare i går ettermiddag.

To daddelvedtak (vedtak som er så nær mistillit det er råd å kome utan å fremje eit direkte mistillitsframlegg) mot statsråden og eit nytt vedtak som inndreg fullmakter, pluss eit vedtak som rettar krass kritikk, er ikkje nok til at Bondevik vil røre forsvarsminister Kristin Krohn Devold.

— Korleis kan du halde på ein statsråd som har fått to daddelvedtak mot seg og så ein ny omgang med så sterk kritikk frå Stortinget?

— I forhold til Stortinget har statsråden tillit. Så lenge stortingsfleirtalet ikkje uttrykker eller vedtek direkte mistillit, har statsråden tillit, seier Bondevik.

Vaklar vidare I innstillinga frå Kontrollkomiteen går fleirtalet inn for å kalle tilbake fullmaktene som forsvarsminister Kristin Krohn Devold har til å selge forsvarseigedom. All eigedom som skal selgast til private, vil etter dette måtte behandlast av Kongen i statsråd.

Statsråden får hard kritikk for manglande økonomikontroll og for brot på reglar og retningsliner.

— Vi kan ikkje sitje rolig og sjå på det som er avdekte i Lista-saka og i fleire andre avhengingssaker. Dette gjeld store verdiar som samfunnet eig, seier Kjell Engebretsen (Ap) til Bergens Tidende. Han er saksordførar for saka.

— Vi må sikre oss at desse sakene blir underkasta politisk kontroll.

— Er det ein skadeskoten statsråd som nå vaklar vidare?

— Det må statsministeren og statsråden sjølv vurdere. Stortinget fattar dei vedtak vi meiner trengst.

Til å leve med Bondevik seier at han er overraska over at Ap som har regjeringserfaring, går inn for framlegget om å trekkje tilbake fullmaktene til sal av forsvarseigedom.

— Det vil bety eit regime som dels er byråkratisk og dels upraktisk. Det vil forseinke ein del sal og føre til forseinka inntekter til budsjettet. Det er likevel positivt at ein vil avgrense denne innskrenkinga til å gjelde berre eigedomar som skal selgast til private. Det er til å leve med.

— Det utgjer likevel dei aller fleste, til nå om lag 90 prosent?

— Nå får det offentlege forkjøpsrett, og det betyr at salet til private vil gå ned. Så dette vil endre seg.

Tilbakekallinga Bondevik nemner sjølv at tilbaketrekkinga av fullmaktene er blitt omtala som ein måte å vingeklyppe statsråden på.

— Men verknaden kan snarare bli den motsette: at departementet og statsråden må gå aktivt inn i alle dei sala som blir omfatta. Det vil gje departementet og statsråden meir makt i desse prosessane sidan departementet må førebu sakene for Kongen i statsråd. Hittil har Statsbygg sjølv stått for heile dette arbeidet og gjennomførd salet.

— Men den viktige endringa er vel at statsråden blir fråteken ansvaret og at ansvaret i staden blir lagt på deg som statsminister og heile regjeringa?

— Det er rett, vedgår Bondevik. I innstillinga frå Kontrollkomiteen etterlyser fleirtalet også oppfyljinga av Stortinget sitt vedtak frå 5. april om korleis regjeringa har tenkt å få kontroll over økonomien i Forsvaret.