VIDAR YSTAD

Dette hevdar professor Torodd Strand ved Universitetet i Bergen overfor Bergens Tidende.

Strand meiner at store delar av pressa og tillitsvalde i Arbeidarpartiet har vore på heilt feil kurs når dei har hevda at Ap sitt fall har samanheng med korleis Jagland har skjøtta leiaroppgåvene sine.

«Jens-effekten»

— Media nører kraftig opp under denne misoppfatninga gjennom den enorme personfokuseringa. VG sine påstandar om at Ap ville vinne 400.000 nye veljarar om ein berre vart kvitt Jagland og fekk inn Stoltenberg, er her eit særleg sterkt bidrag, meiner Strand.

— «Kaci-effekten» (i Høgre) eller «Jens-effekten» er berre tull. Trua på at den uvanleg dyktige eller «guddommelege» leiaren skulle gje partiet sterk framgang, er utan rot i realitetane. Så blir ein veldig frustrert når forventningane ikkje slår til.

— Eg har stor sympati med Jagland. I mine auge er han moralsk vinnar sjølv om han ikkje er politisk vinnar, seier Strand som meiner Jagland har vore utsett for det han kallar statusdegradering - utan at han sjølv har forstått det.

- Meir uforståeleg

— Det er ikkje lett å få auge på dei politiske skillelinene i den maktkampen som nå pågår i Arbeiderpartiet, seier valforskar Bernt Aardal til BT. - Det gjer at maktkampen blir endå meir uforståeleg for veljarane og folk flest. Det gjev inntrykk av eit part som er i strid med seg sjølv, seier Aardal.

Han meiner at vi i Noreg knapt har sett maken til det vi nå er vitne til av strid i Ap. Den sterke eksponeringa i media er ein ny situasjon. Det gjer at vi ikkje har noko å samanlikne med og bygge på når ein skal vurdere kva effekt ein kan vente.

— Partiet vil vere nøydd til å bygge seg opp nedanfrå - stake ut ein politisk kurs og velge ein strategi - slik Jens Stoltenberg var i ferd med, seier Aardal.