Kvarme kjenner Israel svært godt etter fleire års opphald i landet. Til Bergens Tidende seier han nå:

— Dersom Vanunu oppfyller vilkår for å få asyl i Noreg, og så vidt eg forstår gjer han det, bør vi vere så tydelege og prinsipielle av vi gjev han det.

Les også: — Godtek ulovleg okkupasjon Støtta av Hagesæther

— Eg trur også at det vil vere godt for Israel at dei let han drå frå landet og at han kan slå seg ned her. Eg har lært Israel å kjenne som eit ope samfunn. Å la Vanunu får forlate landet, vil stadfeste at Israel er eit ope samfunn, seier Kvarme.

Kvarme sluttar seg dermed til dei åtte biskopane i den norske kyrkja som tidlegare har uttala at dei meiner Vanunu bør få asyl i Noreg.

Bergens Tidende har også vore i kontakt med dei to siste av biskopane som ikkje har uttala seg om saka: Ole D. Hagesæther i Bjørgvin og Laila Riksaasen Dahl i Tunsberg.

Hagesæther seier at hans umiddelbare og reint personlege meining er at Vanunu bør få kome til Noreg.

— Eg meiner prinsipielt at vi skal ta brot på menneskerettane alvorleg og at vi som kyrkje og stat må stille opp. Men eg føler at eg ikkje har nok kunnskap om denne saka til å uttale meg som biskop i eit innfløkt politisk spørsmål, seier han.

Biskop Dahl i Tunsberg seier at ho ikkje vil ha ei offentleg meining i ei så vanskeleg sak.

- Gje han fredsprisen

— I 1936 hadde Nobelkomiteen såpass mot og styrke at dei gav fredsprisen til Carl von Ossietzky. Det går ei klar line frå Ossietzky til Mordechai Vanunu, seier juristen Fredrik Heffermehl. Han har kjempa Vanunu si sak gjennom to tiår.

Nobelkomiteen hemmelegheld alle framlegg i 50 år, men det er kjent at kvart år sidan 1987 er det gjort framlegg om at Vanunu bør få fredsprisen. Fleire forslagsstillarar har levert inn framlegg på Vanunu.

Dei siste tre åra har også stortingsrepresentant Hallgeir Langeland (SV) gjort framlegg om Vanunu.

— Det vil eg gjere i år også. Vanunu vil vere ein i høgste grad verdig prisvinnar, seier Langeland.

Dømd for landssvik

Ossietzky, som var journalist og redaktør, fekk prisen for å ha avslørt at Tyskland i full løyndom gjenoppbygde det tyske flyvåpenet etter første verdskrigen. Det var klart i strid med fredsavtalen etter krigen.

Avsløringa kom gjennom ein artikkelserie han publiserte i 1929.

Ossietzky meinte at avsløringa var viktig for freden i Europa, og viktigare enn omsynet til tyske militære løyndommar.

Han vart stilt for retten tiltala for landssvik. I 1932 vart han dømd til 18 månaders fengsel. Han slapp ut etter sju månader.

Men då Hitler kom til makta i 1933, vart Ossietzky på ny arrestert og plassert i konsentrasjonsleir.

I 1936 var det ein stor internasjonal kampanje for å tildele Ossietzky fredsprisen.

Tøft val

Nobelkomiteen valde å gje han prisen, men før tildelinga gjekk to av medlemene ut av komiteen: utanriksminister Halvdan Koth (Ap) og tidlegare statsminister og utanriksminister, då stortingsrepresentant, Johan Ludwig Mowinckel (V) frå Bergen. Det gjorde dei for å dempe dei venta reaksjonane frå Tyskland på pristildelinga.

Etter det vart det slutt med at sitjande statsrådar, seinare også stortingsrepresentantar, vart innvalde i Nobelkomiteen.

Nobels Fredssenter skriv at denne tildelinga truleg er den dristigaste avgjerda Nobelkomiteen nokon gong har fatta. For første gong gjekk prisen til ein opposisjonell som kjempa for grunnleggjande borgarrettar mot eit sitjande regime, seier Fredssenteret på heimesida si.

Vanunu vart i 1986 kidnappa i Roma av den israelske etterretningsorganisasjonen Mossad og førd til Israel. Året etter vart han dømd til 18 års fengsel for landssvik i ei hemmeleg rettssak for å ha fortald om Israels atomvåpenproduksjon.

Også Vanunu meinte at omsynet til freden og ikkje-spreiing av atomvåpen var viktigare enn hemmeleghald av den israelske atomopprustinga.

- GODT FOR ISRAEL: - Å la Vanunu får forlate landet, vil stadfeste at Israel er eit ope samfunn, seier biskop Kvarme.
Scanpix