Sjøfartsdirektoratet bør blant anna koma med eit pålegg om full tryggingsopplæring om bord slik at mannskapa blir sett best mulig i stand til å hjelpa seg sjølv og andre, seier Sjømannsforbundets sekretær Harald Særsten til Bergens Tidende. Når det gjeld konstruksjonsmessige ting, så kan vi aldri få tjukke nok plater og flyteevne nok til at fartøy kan tola alle situasjonar. Men no må det koma tiltak i forkant av ulukkene. Både med "Titanic", "Herald of Free Enterprise", "Scandinavian Star", "Sea Cat" og "Estonia" kom nye tryggingstiltak i etterkant, seier Særsten. "Sleipner"-ulukka viser med full tyngd at flåten var for stor og uhandterleg, og at redningsmidlane ikkje var gode nok, seier Harald Særsten. Forbundssekretæren er kritisk til at granskingskommisjonen i høyringa på Stord ikkje gjekk tidlegare inn på mannskapets innsats i samband med "Sleipner"-forliset. Her handlar det om menneske, ikkje maskinar. Jo lengre tid det går før heilskapsinntrykket blir retta opp, jo meir ligg dei vonde tinga og gneg, seier han. Særsten undrar seg vidare over at politimeisteren i Hordaland som leia redningsarbeidet for "Sleipner" fekk sete i kommisjonen. Og han reagerer på mangelen på spørsmål frå dei to sjøfartsinspektørane som overvar høyringa. Det kan vera eit teikn på at styresmaktene har dårleg samvit for at ikkje tryggings— og bemanningstiltak er følgt opp og tekne meir på alvor, kommenterer Harald Særsten.