Selskapet kritiserer kommunen for å bli tatt for seint med i saka om inndraging av parkeringsplassar, særleg som følgje av byggjinga av Klostergarasjen.

Styreleiar Tore Nepstad minner også om at mindre inntekter frå parkeringsplassar i Bergen sentrum gir mindre pengar overført frå selskapet til bykassen.

Byråd Lisbeth Iversen er kjent med usemja mellom parkeringsselskapet og den parkeringspolikk kommunen har om korttidsplassar.

Ho seier til Kystradioen at dette har ein nå fått drøfta med parkeringsselskapet og understrekar at det er bystyret som som har det politiske ansvaret for parkeringspolitikken.