• Privatpersonar er for lite bevisste på å skifte straumleverandør. Hadde dei skifta oftare, ville prisane blitt lågare.

Seniorporteføljeforvaltar Thomas Angell i energimeklarfirmaet Bergen Energi meiner alt for få nyttar seg av sjansen til å skifte straumleverandør.

— Folk er rett og slett for sløve på dette området, meiner Angell.

Det er i dag ingen problem å skifte straumleverandør, så og seie på dagen. Likevel er det få som gjer det. Dei aller fleste blir verande som kundar i same energiselskapet år ut og år inn.

— Det er kanskje ikkje så mange hundrelappane å spare på å skifte leverandør, i første omgang. Men hadde folk vore flinkare til det, ville prisane blitt pressa ytterlegare nedover.

Konkurransen hadde blitt sterkare, og prisfallet større.