• Eg føler meg som ei gaselle, seier hjarteopererte Bjarne Norevik etter å ha tilbakelagt dagens vandring til Voss, med BT-journalist Knut Langeland halsande bak.

I går verka Norevik i beina etter å ha traska over Kvamskogen. I dag seier han til bt.no at han føler seg som ei gaselle etter å ha tilbake lagt nye 25 kilometer på vegen.

3,2 mil framfor skjema

I dag starta Norevik og Langeland fem kilometer før Evanger og gjekk til Voss. — Det var no mest som ei opplading til morgondagens styrkeprøve, men eg har hatt godt turfølgje. Då skal Langeland og eg gå frå Øvre Eidfjord, opp Måbødalen og heilt Halne. Ein tur på 43 kilometer, fortel Norevik.

Sola skein og Vossa-ordføraren kom Norevik og Langeland i møte då dei nærma seg Voss. Norevik gjekk på og den elles så spreke Langeland kom stadig eit stykke bak.

212 kilometer i boks

— Han har ein spesiell måte å gå på, så eg klarer ikkje å halda følgje om eg skal gå eg og. Difor må eg jogga for å ta han att, seier Knut Langeland. Han skal få det hardt i Måbødalen i morgon, salhusguten.

På Voss stod LHL-bussen og venta på gangarane. Folk kom innom og fekk målt hjarte og det dei måtte ønske. Tidlegare statsråd Arne Nilsen gjekk kringom og selde LHL-lodd. Her trør alle god krefter til.

Norevik har no lagt bak seg 212 lange kilometer. Han er godt på veg til å nå målet, og turen har skapt mykje god pr for hjartesaka.