• Det har skjedd meir i Sogn og Fjordane enn landet elles, seier sexolog Gro Isachsen til BT.

KJERSTI MJØR

— Ein skulle tru at utviklinga gjekk saktare i utkanten enn byen. Men det verkar som om Sogn og Fjordane har flytta sine moralske grenser i forhold til tidlegare, seier Isachsen i ein kommentar.

— Det er ikke nytt at ungdom på bygda har sex, men litt uventa at debutalderen har gått såpass raskt ned. Foreldrekontrollen er ofte større i meir grisgrendte område, men at mange bur på hybel i Førde veg nok opp for denne kontrollen.

— Får unge det betre av å leve ut eigen seksualitet?

— Det varierer, og kjem an på kor kvar enkelt er i si utvikling. Men ungdom har krav på eit sexliv som alle andre, og eg reagerer på at det blir framstilt som negativt at unge eksperimenterer. Eg trur ikkje at dei som går frå ukysst til gift er dei som får den beste sexen resten av livet, svarar Isachsen til BT.