Det ser ut som om det kan trengast, seier Henry Indrebø, leiar for Redningsselskapets distriktsstyre i Sogn og Fjordane og medlem i landsrådet.

Indrebø opplever striden i selskapet som frustrerande og trist, og meiner administrasjonen i Oslo er i ferd med å bryte ned tillit som er opparbeida gjennom tiår langt heile norskekysten.

— Eg synest synd på alle dei trufaste støttespelarane som har samla inn pengar, strikka og brodert for å skaffe dette selskapet midlar. Og så har vi ei toppleiing som oppfører seg så arrogant og respektlaust, seier ein oppgitt Indrebø, som vil gå inn for å sparke heile styret på det ekstraordinære landsmøtet 14. januar.

Han meiner det er på høg tid å vurdere om Oslo er ei naturleg lokalisering for toppleiinga i ein slik organisasjon.

— På meg verkar det som om mange i administrasjonen ikkje har forstått kvifor dei er der. Eg trur det har gått ei stund sidan dei folka har hatt framme selskapet sin formålsparagraf.

Indrebø meiner tida er moden for å flytte administrasjonen ut til kysten, ein plass mellom Stavanger og Bodø.

— Vi har for eksempel to store maritime miljø i mitt distrikt, Florø og Måløy, som begge kunne blitt gode lokaliseringar for selskapet, påpeikar Indrebø, som til dagleg er lensmann i Gulen.

— I dag gjev ikkje folk her ute ei krone til selskapet utan å vere sikre på at pengane blir brukt på redningstenesta direkte og ikkje går via Oslo. Hadde eg visst det skulle bli slike tilstandar, hadde eg aldri sagt ja til dette vervet, seier Indrebø.