Artikkel i Bergens Tidende 05.12.2005

Påstanden om at to flygarar i selskapet Fjordfly på Sandane såg ubåten som det norske Forsvaret leita etter i 14 dagar i november 1972, blei sett fram av Arne Henden i gårsdagens utgåve av Sogn Avis. Henden eigde selskapet Fjordfly på Sandane. Pilotane som hevdar dei såg ubåten, flaug eit av hans fly som skulle til Bergen for å hente aviser.

— I 5000 fot oppdaga dei eit spesielt følgje i fjorden mellom Balestrand og Nessane. Fire marinefartøy, to etter kvarandre på kvar side av fjorden, eskorterte ein lang sigarforma ubåt. Følgjet var på veg ut fjorden. Ubåten låg midtfjords, like under overflata. Fjordflypilotane gjekk lågare for å sjå betre, og var ikkje i tvil om kva det var. Dei såg ein ubåt. Punktum, fortel Henden til Sogn Avis.

Mykje debatt

Debatten langs Sognefjorden har gått høgt etter at pensjonert kontreadmiral Bjarne Grimstvedt sa til Bergens Tidende sist søndag at det aldri var nokon framand ubåt i Sogn dei dramatiske førjulsvekene for 33 år sidan. I 1972 var Grimstvedt skipssjef på fregatten KNM «Trondheim» og ansvarleg for ubåtjakta.

Utsegnene frå kontreadmiralen rokkar ikkje ved oppfatninga heilt sentrale vitne har av det stikk motsette. Mons Langeteig, som no er 87 år, er overtydd om at han såg periskopet på ein ubåt frå stoveglaset heime på Vangsnes.

- Fortel aldri dette

Historia til dei to fjordflypilotane er det mest oppsiktsvekkjande som har kome fram i etterkant av BT-oppslaget. Flygarane fortalde kva dei hadde sett til flyselskapseigar Arne Henden då dei kom tilbake frå Bergen.

— Heime i Gloppen ringde den eine til Haakonsvern for å fortelje om det dei hadde sett. Dei fekk streng beskjed av Forsvaret om aldri å fortelje dette. Karane tok munnkorga svært alvorleg. Dei har aldri snakka offentleg om det dei såg den gongen, seier Henden.