På Tore Atle Sørheim sin gard på Ådland på Stord spring eit lam kring med rumpa bar. Ulla er vekke og store arr vitnar om den aggressive flugemakken som gjekk til åtak for nokre veker sidan.

Flugemakk er ei dyresjukdom som vert frykta på lik line med scrapie og åtak frå rovdyr. Fluger legg egg i huden på sauen, og dyret vert boktstavleg talt oppeten av larvane dersom ikkje dyret vert oppdaga i tide.

Grotesk

— Flugemakken er verre for vestlandsbønder enn rovdyr. For dei som har opplevd dette er det heilt groteskt. Det kreler overalt i pelsen. Dyra prøver å klø seg, men kjem ikkje til. Dei er svarte og klissete i ulla og har ofte åpne sår, fortel Sørheim.

Annakvar dag går han og andre bønder i Stord sau og geitalslag og ser til dyra sine som beiter i det låge landskapet i Vatnadalen på vestsida av Stord. Det er eit skogkledd område som spyflugene trivst godt i.

— Varmen og fukta i sommar har vore heilt spesiell. Det har gitt reine drivhuseffekten for klekking av flugene. Dette er eit stort problem for oss, særleg ettersom tregrensa kryp oppover fjella, fortel Sørheim.

På Tysnes er flugemakken også aggressiv i år.

— Det er verre i år enn tidlegare. Me som har lågt beiteland og ligg ved kysten, slit ekstra. Eg har sjølv henta ned daude dyr frå fjellet, og måtte redda naboen sin sau her om dagen, fortel Jon Martin Dale, leiar i Tysnes sankelag.

Kor mange dyr som totalt er råka har han ikkje oversikt over før sesongen er over. Han har fått fleire meldingar frå sauebønder på Tysnes om flugemakkåtak.

I Fusa har distriktsveterinæren råda bøndene til å henta ned dyrene sine frå fjellet.

Saknar medisin

Våren 2001 blei til saman 20 buskaper på Stord, Fitjar, Bømlo, Sveio og Tysnes med i eit prøveprosjekt. Eit preparat kalla Ivomec Maximizer blei importert frå Australia til klinisk utprøving. Sauen må svelgje ein kapsel før han vert sendt på beite om våren.

— Våre utprøvinger gav svært gode resultat, men veterinærar må søkja styresmaktene om lov til å bruka medikamentet kvart år, seier Arne Oftedal, distriktsveterinær i Stord veterinærdistrikt.

— Kapselen virker, men problemet er at lam under 20 kilo ikkje kan svelgja han. Vi ønsker oss eit preparat som kan sprøytast i pelsen på sauen og varer heile beitesesongen, seier Sørheim.

— Eg skulle ønskt kapselen var lettare tilgjengeleg. Det hadde berga mange liv, seier tysnesbonden Jon Martin Dale. Han har opplevd at ein vaksen sau blei oppeten på berre ei veke.

— Det er heilt tragisk, og me føler oss hjelpeslause.

Når ein sau vert oppdaga med flugemakk, gjeld det å klippa sauen og vaska han. I nokre tilfelle kan det redda sauen, i andre høve ligg berre skrotten att. Sau råka av flugemakk vert ikkje slakta og seld til kjøtproduksjon, understrekar Sørheim.

REDDA. Saueeigar og leiar i Stord sau og geitealslag, Tore Atle Sørheim, ser til dyra sine annakvar dag for å hindra at dei blir spist opp levande av den aggressive flugemakken. Dette lammet vart redda frå beite for tre veker sidan, men har stygge arr og låg vekt etter åtaket. <br/>Foto: LENA VERMEDAL