Han saknar støtte frå næringa når fiskeriinteressen skal vegast mot bøndenes sine krav.

— Viss de ikkje er tydelege så får de mindre merksemd, sa fiskeriministeren i eit foredrag på et seminar i regi av forsikringsselskapet Gjensidige på oppdrettsmessa Aqua Nor i Trondheim i går.

Arbeidet med eit nytt regelverk for verdshandelen skal etter planen munne ut i eit vedtak på eit toppmøte i Verdas Handelsorganisasjon (WTO) i Hongkong i desember i år.

Norsk fiskeri- og oppdrettsnæring sender fisk for kring 30 milliardar kroner ut av landet kvart år, og er ute etter å fjerne alt av toll og andre hindringar som hemmar eksporten.

Fiskar mot bonde

Men Noreg prøver å ri to hestar i WTO, å verne norske bønder mot større konkurranse frå utlandet og å gjere det lettare å eksportere norsk fisk.

Ludvigsen vedgår at bøndene og fiskarar/oppdrettarar har motsette interesser.

Han seier utfallet av WTO-forhandlingane kan avskjære trugsmålet frå EU om nye straffetiltak mot norsk laksenæring. Det er spesielt bruken av såkalla dumpingsaker - skuldingar om at til dømes norske produsentar sel laksen for billeg og difor må møtast med straffetoll - norske styresmakter er ute etter å få avvikla.

Både USA og EU har ramma norsk oppdrett med dumpingskuldingar og straffetiltak.

Ikkje tydeleg nok

Med bakgrunn i at fisk og landbruk har ulike interesser i WTO-forhandlingane, er Ludvigsen sitt utspel i Trondheim ein klar invitt om større oppbakking til næringa han er minister for.

— Regjeringa blir påverka av den offentlege debatten og engasjementet frå ulike interessegrupper, vedgår Ludvigsen.

Dei som driv med fisk må gje meir lyd frå seg, meiner han.

— Næringa er ikkje tydeleg nok på kor viktig dette er, seier Ludvigsen.