• Det er ønsketenking å tru at eit EU-medlemskap ikkje vil sette råderetten over norske fiskeressursar i fare.

Det er Marit Arnstad, stortingsrepresentant for Senterpartiet, som åtvarar mot å tru at EU vil la Noreg styre dei norske fiskeressursane om Noreg blei med i EU.

— Tvert i mot, ved eit eventuelt norsk EU-medlemskap vil det vere fleirtalet i avrøystingar i EU som vil avgjere korleis fiskeressursane skal forvaltast og kven som skal få lov å delta i fisket, seier ho.

Verre med utviding

Arnstad argumenterer med at det er nettopp den komande utvidinga av EU som har fjerna vetoretten i slike spørsmål.

EU har lagt om måten politiske stridsspørsmål skal avgjerast. Store statar får større gjennomslag enn før og vedtak vert gjort ved at fleirtalet bestemmer.

Poenget med denne omlegginga er mellom anna å sikre at EU er i stand til å fatte og gjennomføre vedtak, sjølv om talet på medlemer aukar frå 15 til 25 land.

Men konsekvensen er at små land misser retten til å bruke veto for å sikre sine interesser.

Blir overkøyrd

Arnstad argumenterer med at den nye fiskeripolitikken EU vedtok i fjor er vedteke etter det nye systemet.

Er det nokon grunn til å tru at vi kan få ein betre fiskeriavtale med EU no enn vi fekk sist gang vi forhandla om medlemskap, i 1994?

— Dessverre, så enkelt trur eg ikkje det er, sa Arnstad, då ho talte på årsmøtet i Fiskebåtredernes Forbund i går.

Førebur EU-forhandlingar

Fiskebåtredernes Forbund, som organiserer eigarane av den havgåande fiskeflåten, har starta diskusjonen om EU-medlemskap for å sikre at fiskarane sine interesser skal få betre gjennomslag ved eventuelle nye medlemskapsforhandlingar enn næringa meiner den fekk ved forhandlingane i 1994.

Fiskebåtreiarane fryktar at eit EU-medlemskap både vil føre til overfiske og at norske fiskarar må avgi kvotar slik EU ønskjer.

Tok sjølvkritikk

Thorbjørn Jagland, stortingsrepresentant for Arbeiderpartiet, tok kraftig sjølvkritikk fordi EU-tilhengarane undervurderte betydninga av fiskarinteressene i 1994.

— Eg er komen til den erkjennelse at nei-folket hadde mykje rett i 1994, sa Jagland.

Etter forhandlingsresultatet låg på bordet i 1994 snudde stemninga i havfiskeflåten frå ja til nei, noko som truleg spelte ei viktig rolle for det endelege utfallet.

Jagland meiner EUs fiskeripolitikk framleis er et problem for fiskerinæringa.

— Det einaste argumentet som framleis er gangbart mot EU det er fiskeria sin situasjon, seier Jagland.

PESSIMIST: I EU-debatten på Fiskebåtredernes Forbund i går sa Marit Arnstad (Sp) at ho ikkje trudde EU vil gi norske fiskarar betre vilkår i dag enn i 1994 <br/>Foto: HÅVARD BJELLAND