Læraren frå Granvin er klar for ei ny økt i fylkestinget. 61-åringen har meldt frå til nominasjonsnemnda i Senterpartiet at han er villig til å ta to nye år som folkevalt. Frå januar 2010 er det planen at ordninga med regionar og regionting skal avløysa dagens fylkeskommunar og fylkesting.

Lussand, som i to bolkar på 90-talet også var fylkesordførar i Hordaland, vert veteranen framfor nokon i det siste hordatinget. Alt i 1983 vart han valt inn i fylkestinget. Nesten heile tida har han vore medlem av fylkesutvalet.

Då tanken om å skipa regionar dukka opp, var han lenge skeptisk. Men etter kvart som staten «plukka vekk» den eine oppgåva etter den andre frå fylkeskommunen, endra han haldning. I dag er det stort sett berre innan utdanning og kultur at det er snakk om reell makt, slik han ser det:

Trengst noko radikalt

— Eg har kome til at vi må gjera noko radikalt, både når det gjeld oppgåver og talet på regionar. Innan næringspolitikk, kompetanse og utdanning, og innan samferdselssektoren er det t.d. all grunn til å gje regionane meir makt enn fylkeskommunen i dag har, seier Lussand til Bergens Tidende.

Aller helst ville han hatt sjukehussektoren med på lasset, slik det var tidlegare. Men han innser at det er ein tapt kamp. Dessutan er noko av «skavanken» retta opp ved at folkevalde har fått plass i styra for helseregionane.

— Mange undrast nok på at du ikkje for lengst har gått lei av fylkespolitikken?

— Eg skal innrømma at eg har brukt sommaren til å tenkja meg om, for eg har vore i tvil. Men det er framleis interessante oppgåver å gje seg i kast med. Dessutan har eg lyst til å følgja overgangen til regionar på nært hald.

Ein stor valkrins

— Statsråd Åslaug Haga har sagt at ho vil ha minst ti regionar?

— Vi må gå meir radikalt til verks. Mønsteret med store helseregionar kan høva godt når vi skal dela landet inn i regionar. Fem regionar er nok. Dermed ser eg for meg ein vestlandsregion som femnar om både Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane, meiner Lussand som elles ser det som ein dårleg idé å trekkja ei grense ved Sognefjorden og eventuelt ved Boknafjorden.

— Skal vi så ved stortingsvala framleis ha tre valkrinsar her på Vestlandet, slik at folk i dei noverande fylka vel representantar kvar for seg?

— Nei, eg er overtydd om at det er mest fornuftig å ha berre ein valkrins for heile regionen, seier han.

Stura berre ein dag

Av dei fire senterpartirepresentantane i fylkestinget er det berre Benthe Bondhus frå Kvinnherad som i tillegg til Lussand er villig til å halda fram.

Magnar Lussand har hatt både oppturar og nedturar. Viktigaste sigeren var då Hardangerbrua endeleg vart banka gjennom i Stortinget tidleg på nyåret. På minussida nemner han vedtaket om å føra sjukehusa over på statens hender. Då vart fylkespolitikk for alvor eit liv i skuggen.

Derimot stura han berre ein dag eller to då han gjennom loddtrekning, av alle ting, tapte kampen om stortingsplass i 2001.