— Departementet har heilt klart lagt seg på ei kontroversiell lovtolking. Det ser ut til at ein ser vekk frå forbrukarinteressene sjølv om dei er knesette i føremålsparagrafen i konkurranselova. Det skjer utan å ta dette opp med Stortinget. Det er feigt.

Sender brev

Dette seier stortingsrepresentant Torbjørn Hansen til Bergens Tidende. Han er næringspolitisk talsmann for Høgre.

— I første omgang vil vi nå sende brev til statsråden der vi krev svar på om departementet legg til grunn den føremålsparagrafen Stortinget har vedteke.

Alt nå ser vi at departementet går langt i å fortolke seg vekk frå det Stortinget har vedteke. Det vil vere alvorleg ikkje minst med tanke på nye aktuelle saker som er på trappene, som den planlagde fusjonen mellom Gilde og Prior, seier Hansen.

- På vakt

Ingebrigt Sørfonn, som er næringspolitisk talsmann for KrF, er førebels ikkje budd på å kommentere lovtolkinga departementet har gjort, og som er kritisert sterkt av Forbrukarrådet.

— Det får eventuelt bli ei sak for kontrollkomiteen her på Stortinget.

Derimot har han sterke meiningar når det gjeld forholdet mellom departementet og Konkurransetilsynet.

— Det er særs viktig at Konkurransetilsynet blir sikra ei fri og uavhengig stilling i forhold til departement og regjering. Det må ikkje bli slik at Konkurransetilsynet blir utvikla til ein høyringsinstans for regjeringa. Konkurransetilsynet har som primæroppgåve å ivareta forbrukarane sine interesser. Her er det grunn til å vere på vakt, seier Sørfonn.

Øyvind Korsberg, som er andre nestleiar i Næringskomiteen og Frp sin næringspolitiske talsmann, reagerer mot departementet og regjeringa sin praksis.

Vil kjøpe motekspertise

— Vi har sett i fleire saker at departementet vel å sjå bort frå argumentasjonen frå Konkurransetilsynet. Regjeringa argumenterer med at ein legg overordna heilskaplege politiske vurderingar til grunn og dermed kan overkøyre Konkurransetilsynet, seier Korsberg.

— Når direktøren i Forbrukarrådet går så hardt ut som han nå gjer, er det all grunn til å sjå nærare på korleis departementet praktiserer lovverket. Det har ikkje noko for seg å stille spørsmål til departementet om dette. Svaret derfrå vil alltid vere at dei fylgjer lova, heilt til ein domstol seier noko anna. Det er som å la bukken passe havresekken. Vi vil i staden kjøpe oss uavhengig juridisk ekspertise til å vurdere dette spørsmålet, seier Korsberg.