I går hadde Bondevik «problem» med å kome på ei einaste sak der Regjeringa ikkje hadde fått det som den ville.

Etter kvart kom han på statsbudsjettet og tomtefestelova. Det første vart faktisk betre etter krav og forhandlingar med Ap. Det har vi parlamentarisk leiar Jon Lilletun sine ord for. I den andre saka vart det regjeringspartnaren Høgre som skapte problema.

Lang «skryteliste»

I går oppsummerte Bondevik vår-sesjonen i Stortinget på Sem i Asker. Han presenterte ei skryteliste under slagorda: «samarbeidsregjeringens politikk gir stadig flere og bedre resultater».

Samanfatningsvis konkluderer Bondevik med at norsk økonomi er i oppgang, renta og kronekursen er redusert og sysselsettinga aukar.

Skåret i gleda er at arbeidsløysa er altfor høg og held seg høg. Her ligg ifylgje Bondevik den aller største utfordringa, ved sida av å kjempe mot fattingdomsproblema heime og ute.

Ifylgje Bondevik har regjeringa kome veldig langt i å innfri lovnadane frå regjeringserklæringa som vart snekra saman på Sem i Asker for snart tre år sidan. — Og endå er det over eitt år igjen, la han til.

Statsminister og regjering

Nå gjev han uttrykk for von om at tilliten til og oppslutninga om Regjeringa og regjeringspartia vil auke fram til valet neste haust.

Bondevik er innstilt på å halde fram som statsminister. Kor lenge, vil han ikkje seie noko om. Han vil ikkje erklære seg som «statsministerkandidat».

— Eg er statsminister og skal då ikkje erklære meg som «kandidat», slår han fast.

Han signaliserer at ei svekking av Venstre og KrF i høve til Høgre etter neste val, vil komplisere. Det vil endre tyngdepunktet og føre til at begge desse partia må tenkje seg grundig om før dei seier ja til å halde fram i regjeringssamarbeid med Høgre om forholda elles skulle ligg til rette for det.

Heiar på Sponheim og V

Difor gjev Bondevik nå uttrykk for eit sterkt ynskje om at både Venstre og KrF gjer eit godt val neste år. Og ha legg til at KrF skal reise seg att «og hauste av det vi har sådd».

— Kva skjer om Venstre og Lars Sponheim blir ute etter neste val?

— Eg vonar at Venstre gjer eit godt val. Venstre er ein verdifull samarbeidspartnar. Sponheim er sikkert ein god bonde, men vi treng han i politikken.

OPPSUMMERTE: Statsminister Kjell Magne Bondevik inntok Sem gjestegård i går å oppsummere vårsesjonen og legge fram regjeringens skryteliste.<p/> FOTO: KNUT FALCH, SCANPIX