• Faglege argument for eller mot å flytte ut statlege tilsyn frå Oslo opptek ikkje Stortinget. Der er ein oppteken av lokalisering og regionalpolitikk - ikkje forvaltningspolitikk.

Dette seier professor Harald Sætren ved Universitetet i Bergen til Bergens Tidende. Han får støtte frå førsteamanuensis Sverre Knutsen ved Handelshøgskolen BI. I går deltok dei på ein fagleg konferanse om utflytting av statlege tilsyn, arrangert av BI og Universitetet i Oslo.

På konferansen innleidde åtte forskarar og representantar for fire av tilsyna.

Ein av forskarane, prosjektleiar Sverre Røed-Larsen ved Arbeidsforskingsinstituttet, meinte å kunne slå fast at samfunnstryggleiken vil bli svekka ved utflytting. Han meiner at meldinga er prega av manglande heilskapsvurderingar og geografisk fragmentering.

NHH-professor Einar Hope, som var ein av innleiarane, ivra for å gje tilsyna ei friare stilling. Han meinte at ein her til lands har ein noko uheldig praksis med politisk påverknad eller innblanding, til dømes i fusjonssaker.

Statsråd Victor D. Norman var også invitert, men hadde takka nei.

— Som hand i hanske

Sætren har studert dei statlege utflyttingsplanane på 1960- og 1970-talet.

— I den nye flyttesaka er det gjort eit politisk grep som gjer at alle landsdelar har fått minst ein institusjon. Ut frå økonomisk konsesjonsteori, passar det som hand i hanske, seier Sætren.

Han trur at det opplegget som er lagt, gjer at «løpet er køyrd» og at tilsyna blir flytta ut. Men dersom Stortinget vel å behandle kvart tilsyn for seg, meiner Sætren utfallet kan vere meir uvisst.

Saksordføraren for flyttesaka på Stortinget, Ola T. Lånke (Kr.F.) fylgde konferansen i går. Han seier til Bergens Tidende at han trur at det blir fleirtal for å flytte ut alle tilsyna, men heilt sikker er han ikkje.

I går skulle gruppestyret i Ap behandle saka, men saka vert her nok ein gong utsett. Grunnen er, etter det BT forstår, at Ap vil ha svar på fleire spørsmål som til nå er uavklart.

I går presenterte BI-professor Rune Sørensen tal frå Statistisk Sentralbyrå som syner at offentleg tilsette utgjer 25 prosent av sysselsettinga i Oslo, medan Bergen har 30 prosent og Bodø 40 prosent.

- For mykje makt

Ein annan professor ved BI, Lars Thune, åtvara sterkt mot å flytte Konkurransetilsynet til Bergen.

— Det vil bety at Victor D. Norman og Einar Hope og økonomimiljøet i Bergen vil få større innverknad på næringsutvikling og -politikk i Noreg enn politikarane.

Førsteamanuensis Sverre Knutsen hevda at det er påfallande at hovudargumentet for å halde Kredittilsynet i Oslo er identisk med argumentet for at ei rad av dei tilsyna som etter planen skal flyttast ut, også bør bli verande i Oslo.