BT fortalde i går om den kraftige innstramminga i flyktningpolitikken under Erna Solbergs tid som kommunalminister.

Solberg vedgår at ho brukar «klar tale» i innvandringssaker, men avviser at Høgre her driv stemmefiske i Frp-vatn.

- Nei. Når vi har gått ut er det ikkje retta mot det norske folket. Eg kommuniserer mot dei potensielle ugrunna asylsøkarane som vil kome hit. Då eg gjekk ut på Kveldsnytt og sa at vi hadde stoppa handsaminga av asylsøknader frå Somalia, var nyheita kjend på gata i Mogadishu 24 timar etter og prisen på å bli smugla til Noreg gjekk dramatisk ned, seier ho.

Ifølgje Solberg var politikken naudsynt på grunn av den kraftige veksten i asylsøkjarar i åra 2000-2002, der det i ettertid ifølgje Solberg har vist seg at åtte av ti søknader var grunnlause.

- KrF har lært
Regjeringspartnar KrF gjekk i 2001 til val på ein meir human asyl- og flyktningpolitikk. Mellom anna skulle talet på kvoteflyktningar aukast frå 1500 til 2000.

Men utviklinga har gått motsett veg under Solberg. I fjor tok Noreg i mot 750 kvoteflyktningar.

I årets valprogram står KrF nesten utan konkrete målsetjingar i asylpolitikken.

Solberg meiner det skuldast at KrF har lært av utviklinga dei siste åra.

- Eg trur KrF på ein måte har sett at ein også må gje beskjed til dei som ikkje fyller kriteria for asyl, seier ho.

Solberg meiner det er viktig å fjerne dei ugrunna søkjarane, slik at dei som verkeleg har behov for asyl kan få det.

Ikkje som Frp
Medan talet på kvoteflyktningar vil gå noko opp frå 750 i fjor til 1000 i år, meiner Solberg at desse «FN-godkjende» asylsøkjarane er betre hjelpt i sine eigne heimtrakter.

- Det er eit spørsmål om kva som er den beste løysinga. Vi vil auke støtta til Høgkommissæren sitt prosjekt for lokal integrering, seier Solberg, som meiner mange flyktningar vil få eit betre liv der dei kan språket og har kunnskap som kan brukast.

- Du kan ta dømet med ein fattig bonde som flyttar inn i ei leilegheit i Bergen. Han skal i godt vaksen alder lære seg eit nytt språk og eit av verdas mest kompliserte samfunn, seier Solberg, som òg meiner du kan få meir ut av kvar hjelpekrone ved å hjelpe dei i heimtraktene.

- Men det å hjelpe flyktningar der dei bur er eit gammalt Frp-prosjekt. Kva er eigentleg forskjellen på Høgre og Frp i innvandringspolitikken?

- For det første - alt vi gjer er i tråd med flyktningkonvensjonen og menneskerettane. Ei rekkje av forslaga til Frp er i alle fall på kanten av desse, seier Solberg.

Ho meiner òg Frp er mindre konkrete i politikken, og at dei i tillegg kjem med dramatiske forslag som å radiomerke alle asylsøkjarar.