Av tittelen går det fram at 25 år gamle Inger Lise Hansen vil kjempa om nestleiarvervet i KrF mot «to eldre menn».

— Det er uhyrleg at Odd Anders With, 51, og Ellen Solheim, 53, vert karakterisert som «eldre». Dei to er i sin beste alder. I tillegg kan eg opplysa at Ellen Solheim ikkje er ein mann, men ei vakker og fremadstormande kvinne i Kristeleg Folkeparti, seier Kristian Helland, som er leiar i valnemnda framføre landsmøtet, som skal haldast i Molde 27. til 29. april.

— Eg vil protestera på vegner at heile det norske folk mot at friske og oppegåande menneske vert karakteriserte på denne måten, seier Kristian Helland.