Måndag lanserte visepresidenten i Stortinget, Carl I. Hagen (Frp), ideen om å betale ekstraløn til stortingsrepresentantar for å hindre at dei blir «kjøpt opp» av næringslivet.

Hagen hevda under debatt i stortingssalen at partigruppene må ha rett til å gje slik ekstraløn til stortingsrepresentantar.

Stortingspresident Thorbjørn Jagland slakta framlegget i intervju med Bergens Tidende tysdag.

Vide drøftingar i Frp

Hagen sjølv ville ikkje utdjupe kva som låg i framlegget, då BT kontakta han om saka etter stortingsmøtet måndag. Men han gav uttrykk for at det berre var ei «teoretisk problemstilling».

Partiformann og parlamentarisk leiar, Siv Jensen, overlet nå til stortingsrepresentant Ulf Leirstein å uttale seg om denne saka. Han er nestleiar i Finanskomiteen.

Han opplyser til Bergens Tidende at denne saka har vore drøfta på fleire møte i Frp-gruppa utan at det er gjort noko vedtak. Men partiet ønskjer å ha frie hender til å betale tillegg til stortingsrepresentantar, dels for å halde på folk, dels som kompensasjon for kvelds— og helgearbeid og fråvær frå heimen. Partiet innser likevel at det ikkje er fleirtal for dette i Stortinget.

- I strid med Grunnlova

— Eg meiner dette vil vere i strid med Grunnlova. Det ville innebere at representantane som får tilleggsløn, blir knytt til leiaren eller leiinga i stortingsgruppa på ein uheldig måte. Representanten får sitt mandat frå folket i val og berre på den måten. Alle får det same mandatet. Då kan ikkje gruppeleiinga kome inn mellom veljarane og dei folkevalde slik konsekvensen her ville bli, seier Lønning. Han legg til:

— Det ville også fjerne alle føresetnadene for Stortinget sin lønskommisjon og dei prinsippa den arbeider ut frå. Kommisjonen har slege fast som ein premiss at det ikkje skal vere andre ytingar til representantane enn løna som stortingsrepresentant.

«Marknadsmekanisme»

— Vi har høyrt at i Sør-Afrika er det opning etter eit val for at partia kan «kjøpslå» med dei valde representantane om å få dei med på laget, ein slags overgangssum som i fotball.. Kjenner du til dette?

— Nei. Men det er i så fall eit tydeleg varsku om at vi bør halde fast på reglane i den norske Grunnlova som gjeld representantane. Det er viktig at veljarane ikkje skal måtte lure på om vedkomande representant er kjøpt og betalt for å meine det han meiner.

Lønning seier at godtgjersla til stortingsrepresentantane må ligge på eit anstendig nivå.

— Men det er ingen god idé å innføre nokon slags marknadsmekanisme for fastsetjing av løn. Vegen som folkevald skal ikkje vere ein måte for å skaffe seg ein økonomisk suksessfull karriere. Dei som er ute etter det, får heller velje proff-fotball, utan at det blir noko stort tap for politikken, seier Lønning.