Det seier leiaren i Nei til EU, Heming Olausen, til Bergens Tidende.

Han opplyser at Nei til EU arbeider intenst for å sikre at tilstrekkeleg mange stortingsrepresentantar går mot grunn-lovsframlegget når det skal opp til votering i Stortinget torsdag i neste veke.

Pisk eller valfridom?

Spenninga knyter seg i hovudsak til om Ap og Frp vil nytte partipisk og tvinge motstandarar til å røyste ja.

Siste dag Stortinget var samla før jul, sendte ein stor del av Ap sine stortings-representantar eit brev til Olav Akselsen som fungerande parlamentarisk leiar i Ap. Dei oppmoda der om at gruppa vart stilt fritt for å unngå ein opprivande konfrontasjon med bruk av partipisk.

Både tilhengarar og motstandarar av medlemskap sto bak oppmodinga.

Stortingsgruppa kjem saman til møte onsdag i neste veke.

– Kupp

– Vi er viljuge til å bruke ordet kupp, eller eit forsøk på kupp, om det som nå skjer: der ein vil endre Grunnlova for å gjere det lettare å melde Noreg inn i EU. Seinast i 2000 vart eit tilsvarande fram-legg nedstemt av eit klart fleirtal i Stortinget. Sidan då har Ap og Frp snudd. Det vi nå opplever er at Ap sin fraksjonsleiar i kontrollkomiteen, Svein Roald Hansen, som også er leiar i Euro-pabevegelsen, går i bresjen for å få igjennom eit grunnlovsframlegg som er framsett av Inge Lønning som er tidlegare leiar i Europabevegelsen, seier Olausen.

Olausen er uroleg for at Ap og Frp vil nytte partipisken for å tvinge represen-tantar som er imot grunnlovsendringa til å røyste for.

–Klare valløfte

– Det er ingen tvil om at grunnlovsfram-legget ville ha blitt forkasta med klar margin om representantane hadde blitt stilt fritt. Framfor stortingsvalet i 2005 gjennomførde Nei til EU ei spørjeunder-søking mellom stortingskandidatane til alle partia. Resultatet var at 31 av Ap sine nå innvalde representantar erklærte at dei ville gå imot ei slik grunnlovsendring. 10 av Frp sine nå innvalde representantar lova det same. Svara frå stor-tingskandidatane vart publisert i avisa vår Standpunkt som vart trykt og utdelt i 1,2 millionar eksemplar før stortingsvalet i 2005. Vi oppfattar utsegnene deira frå 2005 som klare valløfte slik at det nå vil vere klare løftebrot om dei nå går frå det dei lova framfor stortingsvalet, seier Olausen.

Står ved lag

SV, Sp og KrF har forplikta seg til å gå imot grunnlovsframlegget frå Inge Lønning og har fylgt opp i innstillinga frå kontrollkomiteen. Desse partia har 37 representantar på Stortinget. Samtlege representantar for Venstre, som ikkje er representert i kontrollkomiteen, gjekk også før valet i 2005 mot å endre Grunn-lova på dette punktet. Partiet har 10 re-presentantar på Stortinget.

Etter det Bergens Tidende har grunn til å tru, vil dei 10 Venstre-representantane stå fast på standpunktet dei flagga før valet.

– Står Venstre fast på lovnadane sine, er ein avhengig av at minst 10 representantar frå Ap og Frp står ved vallovnadane sine, for å avvise grunnlovsframlegget nå. Det krevst minst 57 representantar for det, seier Olausen.