— Det er ein klassisk feil at kjølevatnforsyninga sviktar. Vi skal nok finna ut kvifor det skjedde i dette tilfellet, seier Rødland til Bergens Tidende.

Rødland avviser at det skal vera grunn til å slå alarm overfor det moderne maskineriet i hurtigrutefartøyet. «Midnatsol» er utstyrt med såkalla azimuth-propellar som kan vriast 360 grader.

— Mange skip langs kysten har slikt framdriftssystem, som er vel utprøvd. Her handlar det truleg berre om at kjølevatntilførsla tetta seg til, seier Rødland. Som legg til at det skal finnast alternative system som dekkjer opp funksjonsfeil av denne typen.

Ifølgje Sjøfartsdirektorarets distriktssjef i Bergen er det også på «Midnatsol» to kjølevatninntak, eitt øvre og eitt djupare nede på skroget. Det skal vera råd å slå over frå det eine til det andre, for eksempel i tilfelle høg sjøgang som kan tilføra luft i det øvre inntaket.

«Midnatsol» blei levert frå Fosen Mek. Verksted i vår med to Wärtsilä hovudmotorar på vel 5500 hk og to Caterpillar hjelpemotorar på 2500 hk. Propellsystema er levert av Aquamaster og Brunvoll, ifølgje Norsk Skipsliste.

Administrerande direktør Martin Solnes ved Wärtsilä motorfabrikk på Bømlo vil avventa inspeksjonar om bord før han konkluderer med kva som skjedde med «Midnatsol»-maskineriet.

Wärtsilä har levert hovudmotorar til fleire av dei andre hurtigrutefartøya. Det er første gong direktør Solnes har høyrt om motorstans av denne typen.