– Det som no er i ferd med å skje med Karl-Gustav Hedlings dyr er veldig trist, seier Nils Drabløs, leiar i Landslaget for vestlandsk fjordfe.

Drabløs seier Hedling henta svært gode dyr då han la grunnlaget for buskapen ved å kjøpe vestlandsfe frå ulike gardar først på 1980-talet. Hedling er æresmedlem i landslaget, og får ein stor del av æra for at vestlandsfeet ikkje blei utrydda. Truleg var det berre kring 70 dyr att då den svenske gardbrukaren engasjerte seg. No er det kring 700.

– Dyra han har er svært verdfulle, seier Drabløs.

Han stiller seg undrande til korleis endringar i regelverket over natta kan slå beina under eit så stort gardsbruk og ein så spesiell dyreflokk.

– Eg trur Hedling har rett når han seier at det vil vere uråd å selje desse dyra som livdyr i Sverige. Vi kan ikkje vente at svenskane skal ta vare på våre gamle kurasar. Og å få dei tilbake til Noreg kostar så mykje at det ikkje er å tenkje på for ein vanleg gardbrukar, seier Drabløs.

Han fortel at det tidleg på 90-talet blei kjøpt tilbake to oksar. Dette blei mogleg fordi Verdens Naturfond sponsa tilbakekjøpet. Den svenske kongen og ein professor med spesiell interesse for å ta vare på dyra, engasjerte seg den gongen sterkt i saka. Deira innsats var avgjerande då naturfondet sa ja til å betale kostnadene med å teste oksane slik at dei kunne førast over grensa og setjast inn i avlen her i landet.

– Sjølv om vi fekk dekka dei fleste utgiftene, var det eit utruleg byråkrati og svært mykje arbeid før oksane til slutt hamna på norsk bås, fortel Drabløs.

– Kva håpar du skal skje med buskapen?

– Det einaste eg trur kan gjerast, er å få sikra sæd frå oksane.