Det er klimaet bispedømmerådet tenkjer på når dei går mot to rullebaner på Flesland. Uttalen er ein del av bispedømmerådet si fråsegn til kommuneplanens arealdel.

Samstundes minner rådet om at det finst andre måtar å reisa på som er meir miljøvenlege. Til dømes lyntog, som biskop Ole D. Hagesæther tidlegare har sagt mykje fint om.

Og torsdag kveld kan vi truleg venta fleire godord frå biskopen omkring lyntog. Hagesæther innbyr nemleg til debattmøte om lyntog i rådhuskantina. Då biskopen for nokre veker sidan uttalte seg om lyntogplanane til Høgre, understreka han ansvaret for skaparverket, som vi har ei plikt til å ta vare på. Biskopen meiner at vi også har eit etisk ansvar overfor dei som lid vondt under menneskeskapte klimakriser.

Når det gjeld lyntog, ser biskopen det slik at dette er ein måte å redusera utslepp av klimagassar samanlikna med ein aukande flytrafikk.

I tråd med dette peikar bispedømmerådet på at ei ny rullebane på Flesland for å ta i mot auka flytrafikk er i strid med Bergen kommune sine eigne miljøpolitiske mål. Her heiter det m.a., formulert av Bergen bystyre, at «klimahensyn skal stå sentralt i arbeidet med utvikling av transportsystemet i Bergen».

På møtet torsdag kveld vil Hagesæther sjølv opna debatten. Deltakarar er m.a. Jørg Westermann frå Norsk Bane AS og stortingsrepresentant Øyvind Halleraker. Ordførar på Voss, Bjørn Christensen, representerer kommunane langs Bergensbana. Tidlegare ordførar i Bergen, Ingmar Ljones, skal og delta.

I panelet finn vi elles politisk rådgjevar Erik Lahnstein frå Samferdselsdepartementet, fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg, byråd for byutvikling Lisbeth Iversen og Hallgeir Langeland frå SV.

BERGEN LUFTHAVN: Stor nok, synes biskopen.
JAN M. LILLEBØ
Fred Ivar Utsi klemetsen