— Eg treng hjelp til å kome meg ut her frå. Eg er framleis i fengsel, seier han, og viser til utreiseforbodet frå Israel.

— Kva må den norske regjeringa gjere?

— Den må seie til den israelske regjeringa: La han reise! Et arbeidsløyve er ikkje verdt noko, fordi viss dei let meg reise, kan eg få meg jobb kor som helst i verda, seier han.

Ny vending i saka

Torsdag ettermiddag sendte statsråd Bjarne Håkon Hanssen i Arbeids- og inkluderingsdepartementet ut ei pressemelding om Vanunu-saka. Det er ein direkte konsekvens av avsløringane i Bergens Tidende om det som skjedde då Vanunu i 2004 fekk avslag på asylsøknaden sin.

Les også: - Hanssen tolkar lova feil

I pressemeldinga heiter det mellom anna: «Det har tidligere vært skissert som en mulighet, fra ulike hold, at Vanunu kunne tilbys jobb ved ett norsk universitet. Gitt en slik mulighet, vil selvfølgelig Vanunu få arbeids- og oppholdstillatelse i Norge.»

- Ein gledas dag

— Dette er ein gledas dag for alle som har kjempa for Vanunu gjennom år, seier SV sin utanrikspolitiske talsperson, stortingsrepresentant Ågot Valle til Bergens Tidende.

Ho slår fast at BT-avsløringane var det som skulle til for å få til den nye vendinga i saka.

Les torsdagens BT-leiar: Norge og Vanunus fridom

Ho seier at mange vart provosert over det dei oppfattar som ei reint politisk avgjerd frå Erna Solberg si side sjølv om ho også nytta ei formell grunngjeving.

— Vanunu har tidlegare fått tilbod om jobb ved Universitetet i Tromsø. Han er utnemnd til æresprofessor ved universitetet i byen. Dersom dette tilbodet står ved lag, og han kjem seg til Noreg, vil han få permanent arbeids- og opphaldsløyve, seier Valle.

Avmålt begeistring

Fullt så begeistra som Ågot Valle er ikkje Fredrik Heffermehl som i mange år har vore den sterkaste forkjemparen for Vanunu i Noreg.

— Dette er den velkomsthelsinga Vanunu får frå det offisielle Noreg eller nokon annan stat. Men eg spør meg kva innhaldet i denne velkomsterklæringa er. Israelarar har ikkje visumplikt til Noreg. Det betyr at kvar ein israelar som fekk tilbod om arbeid ved eit norsk universitet, ville få arbeids- og opphaldsløyve her i landet, seier Heffermehl.

— Det Vanunu nå har behov for er at norske styresmakter rettar eit kraftig påtrykk overfor den israelske regjeringa for at menneskeretten hans til å reise og forlate Israel, blir respektert og etterlevd, seier Heffermehl.

Han meiner det er alt for tidleg for SV og Sp å juble og slå seg til ro med det som nå har skjedd.

FÅR KOME TIL NOREG: Vanunu vil få arbeids- og opphaldsløyve. Dette bestemte regjeringa i går. ARKIVFOTO: REUTERS/SCANPIX