telenor/telia VIDAR YSTADHÅVARD BJELLAND (foto)

vidar.ystad@bergens-tidende.no

Slik oppsummerer Tormod Hermansen eksponeringa i svenske media dagen derpå. Vi møter han i toppetasjen i Telenor sitt hovudkontor i Oslo. Tormod Hermansen rakk ikkje å underteikne tilsettingsavtale med Newtel. Han har rett nok fått ein avtale som ville sikre han to årsløner i fallskjerm, tilsaman om lag ti millionar kroner. Men dei pengane avstår han frå.

"Underhaldningsverdi" Han heng ikkje med hovudet. Smilen og låtten sitt laust: – Underhaldningsverdien har vel vore nokså høg, og det er vel fleire enn eg som har ytt noko der. Ved årsskiftet går flyttelasset tilbake frå Stockholm. Han reknar med å stå i jobben i Newtel ut året, men reknar så med å vere på plass i Telenor for fullt. Han har ikkje høyrt eit pip om at eigaren ikkje er interessert i at han skal tilbake til toppjobben i Telenor.

Gjort annleis Hermansen har vanskeleg for å fortelje kva som burde vore gjort annleis. Til det ligg brotet for nært. Men han skil mellom eit latent og eit openbert forhold: Det første gjeld motsetningar og mistru slik det vel alltid er ved fusjonar og samanslåing av ulike kulturar. Det andre gjeld opplevingane frå det famøse styremøtet 8. desember. Hermansen meiner det skapte så vond stemning og bar i seg mistanken om at same framgangsmåte, med bruk av dobbeltrøysta til formannen i strid med aksjonæravtalen kunne bli brukt på ny. – Sjølv vart eg offer for mytedanning, som ein kan mistenkje var regissert. Det er vanskeleg å påstå dette, men indikasjonane tyder på det. Det gjeld mellom anna ein påstand om at eg hadde eit vanskeleg forhold til fagrørsla. Det er utan rot i røyndomen. Men det festna seg i Sverige og var vanskeleg å gjendrive. Eg skulle også vere autoritær og tyrannisk, ikkje forretningsmessig og berre oppteken av norske interesser. Og så var det dette med utsjånad og klesvegen. Eg opplevde mykje motbakke.

"Dobbel agenda" – Korleis reagerte du på at dine næraste gjekk bak ryggen din? – Det var vondt. Eg har aldri opplevd noko slikt før. Eg tok ein samtale med vedkomande. Den var nyttig. – I administrasjonen kunne ein av og til få inntrykk av at det var doble agendaer. Men i dei siste månadane gjekk arbeidet veldig bra. Men vi vart utsett for eit veldig tidspress for å få alle brikker på plass og for ein rask børsintroduksjon. Eg åtvara styret fleire gongar. Eg var redd for arbeidspresset og manglande kvalitetssikring, men fekk ikkje gehør. Mange vart veldig slitne, også eg sjølv. – Det forholdet at vi hadde ein toppembetsmann frå den eine eigaren i styret, skapte problem i styret. Og når det frå svensk side blir hevda at nordmennene var opptekne av politikk medan dei sjølve var opptekne av forretningsmessig drift, vil eg seie at realiteten er den motsette.

Naivitet og illusjonar – Var du og den norske sida for naiv? – Det kan ein kanskje seie, Grunnhaldninga mi er at når ein inngår avtalar, så gjeld dei og skal etterlevast. Då må ein fylgje spelereglane. Og om avtaleverket vil eg seie at det var godt nok. Ein kan ikkje finmaske det meir. Alt står og fell med haldningar og intensjonar. – Eg har nok mista nokre illusjonar. Men eg har framleis ei optimistisk og grunnleggande positiv innstilling til folk. Ein har lite å vinne på å vere grunnleggande mistenksam.

Utfordringane – For Telenor er utfordringa nå å tilpasse strategien til ressursane ein har til disposisjon. Oppgåve nummer ein er å trygge den sterke stillinga selskapet har i Noreg. Samstundes skal ein ekspandere i dei nisjene ein har internasjonalt: innan mobil, Internett, satellitt og katalogutgjeving. Så får vi ta fatt der vi var og konsentrere oss om å nå måla for lønsemd som vi har sett oss. Nå ser Hermansen fram til nokre rolege dagar på småbruket han i mange år har hatt i Løten. Gjerne med ski på beina.