• Det er ei misoppfatning dersom nokon trur at Stortinget sitt kontrollutval for dei hemmelege tenestene går god for alt Politiets Overvakingsteneste (POT) gjer.

Utvalet skal sjå til at POT held seg innanfor lova, men ikkje overprøve skjønet. Dette seier den tidlegare leiaren for Stortinget sitt kontrollutval for dei hemmelege tenestene (EOS-utvalet), Per N. Hagen, til Bergens Tidende. Han strekar under at han uttalar seg om den oppgåva EOS-utvalet er tillagt etter instruksen, som er offentleg. — Det eg nå ynskjer, er å reise ein debatt om prioriteringar av ressursar. Og eg har såpass erfaring at eg veit ein då må bruke aktuelle saker for å få ein prinsipiell debatt. I dag kan ein på heimesidene til POT lese at etterretningsaktiviteten retta mot Noreg er aukande. Då spør eg meg om det ikkje ville vere klokt å prioritere innsats for å fylgje denne aktiviteten framfor å grave i gamle saker og forhold. - Det er nå meir enn ti år sidan muren fall. Ti år etter krigen var det ytterst få som sat i norske fengsel dømde for alvorlege krigsbrotsverk, seier Hagen. - Men har du inga forståing for at det kan vere viktig å avdekke agentar som framleis kan vere aktive? - Jau. Eg ser poenget med at agentar kan bli overtekne av andre tenester og halde fram verksemda si. Vi har då også sett at gamle nazistar og avhoppa kommunistar er blitt overtekne av amerikanarane.