• Nordsjødykkarar knytt til oljesektoren er i fleire tilfelle skjenka fulle etter testdykking. Det øydela den medisinske oppfylginga etter testdykkinga.

Dette er mellom skuldingane forfattaren og journalisten Knut Ørjasæter framfører mot dei ansvarlege for den mest krevjande dykkeaktiviteten knytt til oljeverksemda i Nordsjøen.

Dette kjem fram i boka «Dykkerne — ofret i rikets interesse» som nyleg kom ut. Ørjasæter har bakgrunn mellom anna frå Økonomisk Rapport, Kapital, Elkem, Norad og Finansdepartementet.

Skjenka dykkarane

Ørjasæter fortel om omfattande skjenking av alkohol til forsøksdykkarane etter endte forsøksdykk men før nødvendige testar og undersøking etter avslutta dykk var gjennomførd. Det gjorde at det i fleire tilfelle var uråd å undersøke og kontrollere dykkarane straks dei kom opp, av di alkoholen kamuflerte moglege uheldige verknadar av dykkinga.

Ein tryggingsoffiser i Stolt Seaway som ville slå alarm, vart truga til å ikkje rapportere om forholda. Elles ville han misse jobben.

Ein av dei sentrale dykkelegane skal etter ein slik seanse i alkoholpåverka tilstand, ha utløyst brannalarmen ved NUI i Bergen.

Vaktmannen som kom til stades kunne konstatere at brannalarmen var utløyst av ein naken lege som plaska i NUI sitt dykkarbasseng saman med ein kvinneleg like naken prosjektmedarbeidar.

Dekkoperasjonar

Ørjasæter skriv også om eit mønster av bevisst underrapportering av nestenulykker, ulykker og dødsfall. Systematisk arbeid for å dekke over problem og farar gjennom hemmeleghald og trugsmål.

Terminologien vart også endra for å dekke over realitetane: test- eller forsøksdykk vart omdøypt til «verifikasjonsdykk» for å gje inntrykk av at ein ikkje dreiv testing eller forsøk.

Arbeidsinnsatsen frå dykkarane har vore ein avgjerande føresetnad for oljeeventyret i Nordsjøen som har tilførd den norske staten om lag 2000 milliardar kroner sidan starten i 1970. (I februar i år laga Finansdepartementet for Bergens Tidende ein oversikt som viste 1930 milliardar.)

Ørjasæter fortel utførleg om korleis grensene for «forsvarleg dykk» stadig gjekk djupare ned i takt med dei økonomiske interessene som var drivkraft i verksemda.

I mange år hevda Oljedirektoratet at det var fullt forsvarleg å la dykkarar arbeide på djup ned til 400 meter. Men i Stortingsmelding 12 2005-2006 som passerte statsråd så seint som i vår, heiter det at «det per dags dato ikke er grunnlag for å si at dykk til dybder ut over 180 meter kan seies å være forsvarlig».

«Ansvarslause leiarar»

I boka framstiller Ørjasæter fleire av leiarane for test- eller forsøksdykka, med dykkarane som prøvekaninar, som ansvarslause. Dei aller fleste av desse personane blir namngjevne i boka.

Regelverk og etiske retningsliner vart brote i stor stil av di dei økonomiske interessene var så sterke.

I fleire tilfelle er dykkarane ikkje blitt informert om kva dei vart utsett for eller dei vart tvinge til å utføre bestemte oppdrag, medan dei utførde dykk, sjølv om dei var skeptiske og opponerte.

Offentlege organ og konkrete embets- og tenestemenn blir også skulda for grove tenestefeil og ansvarsfråskriving.

Ousland, Børge