Kjell Magne Bondevik fekk endeleg beskjed i går morgon, medan nestleiar Knut Arild Hareide frå Bømlo fekk beskjeden kvelden før, opplyser dei to til Bergens Tidende.

Begge seier også at dei i ei vekes tid har forstått kva konklusjonen ville bli.

Manglande tillit

Sjølv seier Valgerd Svarstad Haugland til Bergens Tidende at ho har følt at ho ikkje har hatt partiet i ryggen og at sikkert mange partimedlemer er glad for at ho går.

— Eg har følt at eg ikkje har hatt god nok tillit til å leie partiet. Eg trur det er fleire enn meg i partiet som er glad for at eg går, seier ho. Ho legg til at ho vonar å få halde fram i Regjeringa når ho går av.

Valgerd fekk også spørsmål om ho har fått den støtta ho hadde bruk for i ein ytterst vanskeleg situasjon:

— Ja, i forhold til dei eg har tillit til - frå dei som betyr mest for meg, har eg fått støtte.

Kven desse er, vil ho ikkje ut med. Utsegnene viser tydeleg at det ikkje har vore nokon dans på roser og at ho har sakna støtte frå sentrale personar i partiet.

Ho seier avgjerda bygger på ei heilskapsvurdering. Ho trekker fram både omsynet til familien, den harde kritikken ho har fått i den såkalla «havarikommisjonen» og kjensle av manglande tillit.

Heile leiinga går

Ho trur at ein ny leiar vil kunne starte med blanke ark for å gjenoppbygge partiet og tilliten til partiet på ein heilt annan måte enn det ho ville kunne. Difor ville ho trekke seg - av omsyn til partiet.

Valgerd går ikkje åleine. Etter den dramatiske talen henner til landsstyret, greip første nestleiar Einar Steensnæs ordet og kunngjorde at han fylgjer same veg. Han vil gå av.

Hareide, som berre har sete eit halvt år som nestleiar, opplyser til Bergens Tidende at også han stiller plassen sin til disposisjon. Det gjer han ikkje avdi han ynskjer å slutte som nestleiar. Han har tvert om god lyst til å halde fram som nestleiar. Han gjer det avdi han meiner valkomiteen og partiet må stått fritt til å velje eit nytt leiarteam rundt den nye partileiaren.

Tok til tårene

Valgerd si kunngjering kom som ein dramatisk konklusjon på ein sterkt engasjert tale. Fleire observatørar meinte konklusjonen ikkje var i tråd med premissane ho hadde levert gjennom den 40 minutt lange talen. Ho såg framover for partiet og kunngjorde at ho vil stå på for partiet.

Ho tok til tårene og hadde vondt for å snakke då dei avgjerande orda fall.

Nå vil partiet kalle inn til ekstraordinært landsmøte i Bergen 23. januar 2004 for å velje ny partileiing.

Valgerd seier at avgjerda om å gå er hennar eigen etter at ho har rådførd seg med fleire. Kven ho har snakka med, vil ho ikkje ut med, heller ikkje vil ho seie noko om kva råd ho har fått.

Overtale Valgerd?

Kjell Mange Bondevik svarar «ingen kommentar» når Bergens Tidende spør om han har freista å overtale Valgerd. Han vil heller ikkje svare på om han har gjeve henne råd.

— Eg gjev råd til dei som spør meg om råd, er alt han vil seie.

Valgerd hausta skryt frå alle partifolk som var til stades under det dramatiske møtet.

— Eg har vore medlem av partiet sidan eg var 13 år. Eg trur ikkje eg har opplevd ein så dramatisk tale. Når leiaren kunngjer sin eigen avgang eit halvt år etter å ha vore samrøystes attvald på landsmøtet, så er det svært dramatisk, seier helseminister Dagfinn Høybråten til Bergens Tidende.

— Det står stor respekt av det ho gjorde, og eg forstår det. Eg støttar henne fullt ut. Min respekt for henne berre aukar etter denne modige talen, legg Høybråten til.

— Eg er utruleg imponert over måten Valgerd viste seg fram og korleis ho presenterte avgjerda si. Ho var veldig ærleg og direkte. Eg trur det er den ærlegaste talen eg har høyrt frå ein så sentral politikar, seier parlamentarisk leiar, Jon Lilletun, til Bergens Tidende. Han legg til at han på førehand hadde erklært at han støtta henne uansett kva val ho sjølv gjorde.

STERKE KJENSLER: Valgerd Svarstad Haugland fekk trøyst av andre nestleiar Knut Arild Hareide etter å ha fortalt landsstyret at ho trekker seg som leiar. Kunngjerdinga kom i eit stuvande fullt lokale der det var nesten like mange pressefolk som partitillitsvalde. - Eg har aldri sett så mange pressefolk sidan OL i 1994, kunngjorde stortingsrepresentant Ola T. Lånke, ein av dei mnage som måtte stå under møtet.<p/> HÅVARD BJELLAND (foto)
SCANPIX