• Justisminister Odd Einar Dørum fører ein populistisk, klattprega kriminalpolitikk. Det er aukande uro i det kriminalpolitiske miljøet over denne kursen.

Det er advokat Frode Sulland som seier dette til Bergens Tidende. Han var i fleire år byråsjef i Lovavdelinga i Justisdepartementet og sekretariatsleiar for Straffelovkommisjonen. Sulland har brei strafferettsleg erfaring og er kjent mellom anna som forsvarar i Orderud-saka. I seinare år har han vore medlem av Straffelovkommisjonen.

— Eg har notert meg at Dørum kjem med stadige populistiske utspel der drivkrafta ser ut til å vere kva som er tema i media til eikvar tid. Somme av tiltaka er annektert frå Frp. Det er ingen evne eller vilje til å sjå lovverket og nye tiltak i samanheng. I staden har vi fått ein klattprega kriminalpolitikk, seier Sulland.

- Mange er uroa

Det er særleg tre lovframlegg frå Dørum som har skapt kvasse reaksjonar. Det gjeld terrorismelovgjevinga, framlegg om avgrensa innsyn for forsvararar i straffesaker og tiltak mot organisert kriminalitet. Førstestatsadvokat Lasse Qvigstad har i høyringskommentarar til utkastet til ny lov mot menneskehandel, kome med ramsalt kritikk.

Sulland meiner framlegga frå Dørum vanlegvis går i ein retning: strengare straffer, meir drastiske verkemiddel og hardare reaksjonar.

— Faktisk er det nå slik at mange som arbeider innan strafferettspleien er generelt uroa over Dørum sine ulike innspel. Ja, eg kan vel seie at miljøet er temmeleg samstemt om dette.

Ekspressfart

— Ta det omstridde heroinsaka frå i fjor som døme. Etter at påtalemakta valde å trekke saka for å unngå å gje forsvararane innsyn i saksdokumenta, vart det hektisk aktivitet i Justisdepartementet for å få gjennomførd ei lovendring i ekspressfart. Det vart arbeidd døgnet rundt i Justisdepartementet ei helg for å presdentere eit lovframlegg som skulle avgrense innsynsretten i saksdokument. Det hasta så mykje at ein berre ville tillate fem dagars høyringsfrist, og kommentarane skulle skje munnleg. Reaksjonane mot opplegget var så sterke at Dørum måtte bøye av. Departementet måtte lage nytt materiale og det vart gjennomførd ein skriftleg, meir normal høyringsprosess.

- Oversåg kritikken

Også det nye framlegget møtte sterk kritikk mellom anna frå påtalemakta, frå strafferettsmiljøet og andre. Men det valde Dørum å oversjå. Framlegget hans, var drastisk, men ville ikkje løyse dei problema ein sto overfor.

— Den type opplysningar det her var snakk om å skjerme, kan ein ikkje halde unna forsvararar. Det handlar om grunnleggande rettstryggleiksprinsipp. I Oslo har forsvararene gått til aksjon mot Dørum sine planar, og vi vurderer nå å få i gang ein landsomfattande aksjon, seier Sulland.