Saka kjem opp i Kontroll— og konstitusjonskomiteen i Stortinget tysdag. Då blir det truleg avgjort om komiteen vil halde open høyring om saka som har versert i fleire år. I februar vedtok komiteen å opne sak mot Krohn Devold.

Mannen vann ei oppseiingssak mot staten og skulle etter det ha krav på å få jobben sin tilbake. Det har han ikkje fått.

- Ingen vilje

— Staten har så langt ikkje vist vilje til å oppfylle ein rettskraftig dom. Klienten min har fått tilbod om ei stilling som ligg på eit mykje lågare nivå i hierarkiet enn den stillinga han ulovleg vart oppsagt frå, seier advokat Erik Fredum til Bergens Tidende. Han representerer den oppsagte avdelingsdirektøren.

Aukande irritasjon

Det er etter det Bergens Tidende kjenner til aukande irritasjon i komiteen over korleis Krohn Devold opptrer i saka.

— Departementet oppfører seg om staten skulle ha vunne saka, seier ein av representantane til Bergens Tidende.

Siri Hall Arnøy (SV) er saksordførar for saka. Til Bergens Tidende seier ho:

— Det burde vere fullstendig uturvande at ein stortingskomite må fortelje ein statsråd at ein rettskraftig dom må oppfyllast. - For SV sin del ventar vi nå at statsråden sørgar for at dommen blir oppfyllt.

I april i fjor vann avdelingsdirektøren ein klar siger mot staten i oppseiingssaka han reiste. Tingretten kjende oppseiinga ugyldig og påla staten å ta mannen inn igjen i jobben.

- Ikkje til å leve med

Forsvarsminister Kristin Krohn Devold anka dommen med grunngjevinga av dommen «ikkje var til å leve med» for Forsvaret. .

I desember i fjor trekte ho likevel anken, slik at dommen vart rettskraftig.

Det innebar at staten aksepterte dommen som gjekk ut på at oppseiinga var ugyldig og at avdelingsdirektøren hadde krav på å få jobben tilbake.

Mannen har ennå likevel ikkje fått jobben tilbake. Derimot freistar Forsvarsdepartementet og Forsvarets Overkommando å plassere mannen i ei anna stilling, med same tittel.

Advokat Fredum har nå funne det naudsynt å be Kontrollkomiteen på Stortinget om hjelp for å få forsvarsminister Kristin Krohn Devold til å oppfylle den rettskraftige domen, som ho sjølv har akseptert.