— Det er ikkje tvil om at det var feil av meg å ta imot gåva. Media gjorde jobben sin, seier Liv Signe Navarsete om gullarmbåndet ho fekk i 2006.

Ho fortel at det har vore ei turbulent tid for Senterpartiet frå i sommar og fram til i dag.

Tidligere i dag skrev bt.no at en av forfatterne bak Senterpartiets kraftrapport mener at de 850.000 kronene som partiet fikk i gaver fra kraftindustrien, umulig bare kan ha gått til å lage en rapport på 20 sider.

Her kan du lese rapporten.

- Det var ein feil - Det var feil av oss å ta imot pengestøtta. Så fort vi var klar over at det var ulovleg, betalte vi pengane attende, seier Navarsete.

— Terje Riis-Johansen burde vore orientert. Det var feil at det ikkje skjedde.

Senterpartiet skal no laga eit nytt etisk regelverk.

— Det skal vere det klåraste av alle regelverka, slik at vi unngår ein liknande situasjon i framtida, seier ho.

**Les BTs leiar:

Dei gløymde gåvene**

«Stao pao!»

Navarsete fortel at ho har fått mange tekstmeldingar frå heile landet dei siste dagane med følgjande innhald: «Stao pao!»

— Det varmar, seier partileiaren. .

Det er no satt i gang ei kronerulling i partiet for å skaffe pengar til å betale attende.

Sjølv vil Navarsete bidra ved å avstå frå eit tillegg på 50.000 kroner, som ho har hatt som leiar i Senterpartiet.

Kva tykkjer du om saka? Sei di mening her.