– Det kan gå rett så ille med Europa om vi berre let urviklinga rulla og gå, seier ekspolitikaren til BT.

– Vi tek dei vestlege verdiane for gitt. Dei har aldri blitt utfordra, før no. Rettsstaten, ytringsfridomen, demokratiet, den personlege fridomen. Vi må sjå korleis desse verdiane vert pressa. Og dersom vi vil forsvara dei, lyt vi ha USA med på laget, seier Berg.

Slaget i 1683

– Du skriv om ein langsam invasjon?

– Det har ikkje mangla på at den islamske verda har prøvd seg med makt. Nærast var dei då europearane slo dei attende i slaget om Wien i 1683. Det var det største slaget som har stått på europeisk jord fram til første verdskrigen. No gjer innvandringa og dei høge fødselsratane Europa mindre og mindre europeisk. Hege Storhaugs eksempel om Ahmed, som kom til Oslo i 1981 og på 30 år har vakse til ein storfamilie på 81 menneske, er eit ekstremt eksempel, men tankevekkjande nok. Det tragiske er at andre— og tredjegenerasjon innvandrarar er meir fundamentalistar enn dei som kom. Vi får meir segregering, og mindre integrering.

– Meiningslaust

– Kva slags politikk kan, slik du ser det, snu utviklinga?

– Eg er ferdig i politikken og legg meg heller ikkje bort i den lenger. Eg skildrar mønster og utviklingstrekk. Men generelt er det ein god regel å integrere dei som alt er her på ein god måte. Få dei i arbeid, sørg for at dei lærer seg norsk og vert inkludert i det norske samfunnet. Det er betre enn å sleppe fleire og fleire inn i landet. Reint konkret finn eg det forresten meiningslaust at det ikkje er semje om 21 års aldersgrense for henteekteskap. Men det viser kor lite vi bryr oss om dei muslimske jentene og det edderkoppnettet dei er innvovne i. Vi let det berre skure og gå.

– Du meiner EU sviktar?

– Det skriv seg frå 1973, etter oljekrisa. Då gjorde EU og Den arabiske liga ein avtale der europearane fekk olje mot å gå med på fleire krav frå arabarane. Auka innvandring, leggje til rette for islamsk religion, gje eit positivt bilete av islamsk kultur og støtte palestinarane i Midt-Austen. Dette var rein utpressing, men vart kalla dialog. Og slik har EU stelt seg i over 30 år.

Vart utfordra

– Du er ein av dei som har protestert?

– Det var då eg sat i Europarådet sin parlamentarikerforsamling. Eg protesterte på ein rapport som tala vel om islamske bidrag til europeisk kultur utan å nemne korleis dei islamske kvinnene er frårøva rettar vi ser på som sjølvsagde. Dette oppdaga den italienske journalisten Oriana Fallaci ti år seinare, då ho dreiv research i samband med sitt eige oppgjer med islam. Eg vart visst ein slags helt for henne. Og så vart eg utfordra til å gå same vegen. Eg gjekk inn i historia og har brukt mange år på å sette meg inn i stoffet. På det viset fekk eg både med meg karikaturstriden og reaksjonane på paven sin tale i Regensburg. Det er to særs talande eksempel på islamsk intoleranse.

– Sonen din skal ha sagt at dersom denne boka kom ut, kom du til å trenge livvakt ¿

– Det var no ein spøk fra hans side. Og så langt har eg tvert om fått mange telefonar og e-postar som takkar meg for å snakke klårt om dette. Dei anonyme utskjellingane kjem vel som vanlege brev, reknar eg med ¿

NY BOK: Hallgrim Berg har skrive ein kontroversiell bok om islamsk ekspansjon.