• Rapporten frå Graver-utvalet er mykje sterkare innhaldsmessig enn det vi hadde grunn til å vente. Den avslører eit system som har drive sin eigen politikk.

Dette seier Venstre-leiar Lars Sponheim til Bergens Tidende.

— Heile systemet vårt er basert på at vi har eit lojalt embetsverk som fylgjer opp den politikken som politikarane fastset. I dette tilfellet er det avdekt at embetsverket har opptrådt illojalt ved å drive sin eigen politikk, ikkje den politikken som var vedteken. Det set heile vårt demokratiske system i fare, seier Sponheim.

- Ville ikkje våga

Høgre-leiar Erna Solberg er, som tidlegare statsråd med ansvar for flyktninge- og asylpolitikken, den statsråden som har sterkast grunn til å føle seg tråkka på tærne over det som kjem fram i granskingsrapporten. Ho reagerer slik overfor Bergens Tidende:

— Eg opplever sterkt at UDI ikkje informerte departementet om den praksisen dei la seg på i denne saka. Her hadde vi gjeve klar beskjed som dei valde å oversjå. Så i denne saka har dei opptrådt illojalt.

— Eg har mistanke om at UDI-leiinga trudde at den nye regjeringa ville legge om praksis og at UDI utnytta det tomrommet som oppsto mellom regjerings- og statsrådsskiftet. Eg er overtydd om at hadde det ikkje skjedd eit regjeringsskifte, ville UDI-leiinga ikkje våga å gjere det dei gjorde, seier Solberg.

Illojalt embetsverk?

Visepresidenten på Stortinget, Carl I. Hagen, meiner det er all grunn til å stille spørsmål ved om embetsverket er så nøytralt og lojalt som det ein likar å tru.

Hagen meiner å ha haldepunkt for at embetsverket i mange samanhengar driv sin eigen politikk i strid med fleirtalssynet slik det kjem til uttrykk i Stortinget.

KrF-leiar Dagfinn Høybråten meiner UDI-leiinga med overlegg la seg på ein praksis i ytterkanten av det lovlege. Han meiner dette er svært alvorleg og kritikkverdig.

Høybråten strekar under at det ikkje er embetsverket, men politikarane som skal styre asylpolitikken.

Høybråten er saksordførar for UDI-saka i kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget. I dag skal komiteen fastlegge opplegget for den første opne høyringa om saka som skal avviklast 1. juni.

Statsråd Bjarne Håkon Hanssen har hittil fått godkjend-attest for handteringa av UDI-saka frå politikarane på Stortinget.

Kritisk

Men han får no fleire kritiske spørsmål knytt til behandlinga av Manuela Ramin Osmundsen, og at ho får halde fram i ei stilling i Utanriksdepartementet.

På pressekonferansen i går ga Hanssen ei framstilling av faktum som ikkje er i samsvar med konklusjonane til granskingsutvalet.

Hanssen sa nemleg at rapporten viser at Osmundsen ikkje hadde kjennskap til praksisen og praksisnotatet. Han opplyste at Osmundsen hadde forsikra han om dette, før ho vart utnemnd til UDI-direktør 17. mars.

Leiaren for granskingsutvalet, professor Hans Petter Graver, kunne derimot slå fast at utvalet har konkludert med at ho alt i oktober i fjor ved to høve hadde fått utlevert praksisnotatet og at ho kjende til praksis.

I neste runde sa Hanssen at han la vekt på at Osmundsen ikkje hadde delteke i utarbeiding av notatet.

Vil forfylgje

Carl I. Hagen varslar at han vil forfylgje denne delen av saka under arbeidet i kontrollkomiteen.

— Eg vil ha klarlagt om ho trekte seg frå stillinga etter å ha fått tilbod om ny jobb, eller om det var slik at ho sa ho ville gå og så fekk tilbod om jobb i UD, seier Hagen.

Også Erna Solberg reagerer på framstillinga til statsråd Hanssen.

— Vi veit ikkje kva som har skjedd i kulissane. Det var klokt at ho ikkje går tilbake til UDI. Det ville ha vore svært vanskeleg for henne og for UDI, og det ville ha stilt Bjarne Håkon Hanssen i ein vanskeleg situasjon, seier Solberg.