Inga Sofie Møller har statistikken på si side. Heile 510 av dei 616 nolevande hundreåringane i Noreg er kvinner. Kva er forklaringa på at kvinnene blir eldst?

— Det vil vi også gjerne vite! Det er fleire teoriar. Ein er at menn lever meir risikofylt. Dei røykjer og drikk meir, og går sjeldnare til lege, seier forskar Henriette Engberg ved Syddansk Universitet.

Ingen fellesnemnar

Engberg er med i ei dansk forskargruppe som leitar etter «x-faktoren» som kan avgjere kven av oss som lever til vi blir hundre. Det vil seie - det er truleg meir enn éin faktor som spelar inn.

— Det er noko spesielt med hundreåringar. Dei har levd så lenge, og må vere laga av eit spesielt stoff. Vi prøver å finne ut kva det er.

At nokon lever til dei blir svært gamle, kan ha både åtferdsmessige og genetiske årsaker. Forskarar har ikkje funne nokon fellesnemnar hos dei tjue personane som har levd til dei blir 115 pluss.

— Vi trur at 20-30 prosent skuldast arv, og resten miljøfaktorar som røyking, kost og fysisk aktivitet. Ein vesentleg del handlar altså om måten vi lever våre liv på, og som vi derfor kan påverke aktivt.

— Kan ein røykje og bli 105?

— Det skal ein ikkje utelukke. Vi har sett eksempel på at menneske som har røykt heile livet er blitt svært gamle.

Seier Engberg, som legg til røyking ikkje er å anbefale.

Publiserer studien til hausten

Til hausten publiserer den danske forskargruppa ein stor studie, der 225 danskar på hundre pluss deltek.

— Kva fortel dei om det å bli så gamle?

— Mange er svært tilfredse trass i at dei lever med funksjonsnedsettelse og sjukdom. Livskvaliteten er også avhengig av korleis ein fungerer - for eksempel om ein klarar seg sjølv og kan bu heime, fortel Engberg.

I alle høgt utvikla land er tendensen den same: Det blir fleire og fleire svært gamle. Å forske på menneske på hundre pluss er derfor interessant også på eit politisk nivå.

— Desse svært gamle blir ei stor utfordring for helsevesenet i framtida. Å finne ut meir om korleis dei fungerer og kva behandling dei har behov for, vil vere viktig kunnskap, seier Engberg.