I regelverket er det opna for at kvinner utan lovleg opphald i Noreg ikkje treng å forlate landet straks, dersom dei er offer for menneskehandel.

Men i dei sakene politiet har etterforska så langt, har kvinnene stort sett ønskt å forlate Noreg.

— Dei aller fleste har ikkje ønskt å nytte seg av den såkalla refleksjonsperioden på 45 dagar. Det har vist seg at kvinnene vil heim så snart som råd. Dette har vore noko overraskande for oss, seier statssekretær Rita Sletner i Justisdepartementet.

Det har heller ikkje vore stor pågang for å få utvida opphaldet ut over dei 45 dagane, slik det også er laga opning for. Det stadfestar politiinspektør Annicken Iversen i Politidirektoratet.

Statssekretær Sletner var i går i Bergen for å få ei orientering av Hordaland politidistrikt om arbeidet som blir gjort for å kjempe mot handel med kvinner og barn. Ho gav ros til politiet etter møtet - blant anna for etterforskinga av den estiske hallikligaen i Bergen.

Regjeringas tiltaksplan for dette feltet skal reviderast til sommaren, og avløysast av ein ny treårsplan.