• Framlegget om å omdanne Statskonsult til AS avslører veldig dårleg handverk. Det vil gjere at omstillinga i staten vil gå endå seinare.

Det seier Trond Giske (A) til Bergens Tidende. Han er nestleiar i Familie-, kultur— og administrasjonskomiteen på Stortinget.

Giske meiner staten vil tape mykje på at ein ikkje som i dag, vil kunne nyttiggjere seg røynsler og kompetanse som ein får i ulike etatar. Dessutan betyr omorganiseringa etter Norman sin modell, alvorlege åtak på rettane til dei tilsette.

Professor i arbeidsrett, Henning Jakhelln ved Universitetet i Oslo, er også svært kritisk til behandling og presentasjon av framlegget:

— Her har departementet unnlete å fylgje vanleg praksis med open høyring. Grunngjevinga er mellom anna at saka har vore debattert i media. Dette er temmeleg lettvint. Eg syns ein skal ha såpass respekt både overfor Stortinget og det norske folk at ein gjennomfører det som er vanleg praksis: opne høyringar. I slike prosessar vil ein ofte få inn viktige og verdifulle innspel. Det er difor ein har slike system.

Jakhelln meiner framlegget om å omdanne Statskonsult frå direktorat til aksjeselskap er såpass drastisk at det i seg sjølv tilseier at ein fylgjer vanleg prosedyre. I tillegg kjem omsynet til dei 140 tilsette som blir råka av omdanninga.

Jakhelln har tidlegare konkludert med at dei tilsette må kunne halde seg til staten som arbeidsgjevar. Det vil seie at staten vil ha arbeidsgjevaransvar for dei 140 tilsette, også etter ei omdanning.

Dårleg handverk er ifylgje Giske ikkje noko ukjend fenomen i saker som kjem frå Administrasjonsdepartementet under Norman.

— Det galdt også i tilsynssaka. Saka var dårleg førebudd. Det var svært mange viktige spørsmål vi måtte få avklara frå Stortinget si side. Det var ikkje utan grunn at vi døypte meldinga for «syltynnmeldinga». Meldinga var meir prega av overordna ideologiske synspunkt om organisering og styring, enn av argument og motførestellingar, seier Giske.