HENNING A. HELLEBUST henning.hellebust@bt.no— Informasjonen meklar sette fram om kurssensitive forhold, var grovt aktlaus eller feilaktig, seier advokat Torbjørn Gjelsvik på vegne av Asbjørn Haukedal. Likevel sit Haukedal på tiltalebenken i Nordhordland Heradsrett denne veka. DnB har nemleg saksøkt Haukedal for ikkje å ha betalt for dei aksjane meklaren i Carnegie ga råd om. Haukedal saksøkjer tilbake, og går samtidig i retten mot Carnegie i ei svært komplisert sak. Gråmarknaden Historia starta sommaren 1999. Då ringde Asbjørn Haukedal til ein meklar ved Carnegie, eit av Norges leiande verdipapirforetak. Han ville vurdere kjøp av aksjar i den svært risikable gråmarknaden. Verksemda var teknologiselskapet NetNet i Luxemburg. Allereie i løpet av samtalen slo Haukedal til. Han kjøpte 5000 aksjar for verksemda si, Hauko Trading, og Land og Sjø, ei verksemd som tilhøyrde den no avdøde broren. Få dagar seinare kjøpte han 5000 aksjar til. Denne gong gjennom DnB, men med same informasjon som han fekk av meklar i Carnegie.Telefonsamtalen dei i mellom vart tatt opp på lydband, og skal spelast av i Nordhordland Heradsrett i dag. Opptaket kan vise om Haukedal vart feilinformert eller ikkje. Mangla viktig melding Informasjonen Haukedal hevdar å ikkje ha fått av meklaren, er at NetNet gjekk ut og ba om å stoppe handelen med selskapet, fordi det svirra så mange rykter. Haukedal hevdar at om han hadde fått denne informasjonen av meklar, ville han ikkje kjøpt aksjane. Verdien på NetNet fall sterkt rett etter at han handla.- Men det var ikkje stoppmeldinga som førte til fallet, det var fusjonen mellom NetNet og LDI som var årsaka, for LDI hadde store finansielle problem, seier Carnegie sin advokat, Birger Nilsen. Prøvde å heve kjøpa Då Haukedal fann ut at kjøpet av NetNet-aksjar var lite lurt, prøvde han å kansellere kjøpa. Men verken bank eller Carnegie var villige til å gå tilbake på handelen. Då hadde Haukedal betalt for aksjane til Carnegie, pengar som han no prøver å få tilbake i retten.Aksjane han kjøpte gjennom DnB, har han ikkje betalt, fordi han meiner banken sat på dei same opplysningane som meklar. Det er desse pengane advokat Gisle Vindenes for DnB skal prøve å få tilbakebetalt denne veka.