• Eit gasskraftverk i Rådalen er den lettaste måten å løysa Bergen sitt energiproblem. Då unngår vi strid om høgspentliner i luft, seier stortingsrepresentant Olav Akselsen.

— Og dette meiner eg alvorleg, seier Akselsen, som var energiminister i Jens Stoltenberg si regjering frå 2000 til 2001. Akselsen kom med sitt utspel på Hordaland fylkeskommune sin nyttårskonferanse i går.

Som mange vil kjenna til, syslar Statnett med planar om å byggja ei ny kraftline over fjell og dal frå Sima i Eidfjord til Bergen for å tryggja energiforsyninga til Bergensområdet. Eit samla Hardanger seier nei, og krev sjø- og jordkabel.

— Eg er redd denne løysinga vil falla både på grunn av kostnaden og på grunn av teknologien. Av den grunn trur eg vi må sjå oss om etter løysingar rundt Bergen. Då er det nærliggjande å tenkja gasskraftverk, anten på Mongstad, på Kollsnes eller i Rådalen, med gass framført i røyr frå Kollsnes. I Rådalen kan eit gasskraftverk dessutan samkøyrast med forbrenningsanlegget for boss. Straumen frå Rådalen kan då fordelast i Bergen gjennom kabel, utan strid om framføring av luftline, seier Akselsen.

Ap-representanten var og innom samferdsle.

  • Som de veit, drog den nye regjeringa ikkje attende proposisjonen om Hardangerbrua. Det betyr at alle dei som er for brua, kan sova godt om natta, sa han.

Statssekretær Steinulf Tungesvik fylgde opp dette med slå fast at regjeringa stør Hardangerbrua, og at dei vil gå inn for eit tenleg vedtak i saka.

Tungesvik minte samstundes forsamlinga på at Hordaland er i særklasses nasjonalt når det gjeld lokal vilje til eigeninnsats for nye vegar.