Desse spørsmåla skal nå Oslo tingrett ta stilling til i ei sak som Stig Breistein (42), opphavleg frå Bergen, har reist mot staten.

Breistein gjekk ned i halv stilling for å stille opp for dei to barna sine, då han og kona skilte lag i 1999. Frå ei årsløn på 500.000 kroner, gjekk han ned i 250.000. Det aksepterte ikkje trygdekontoret då barnebidraget vart fastsett. Trygdevesenet insisterte på at han skulle betale bidrag av 500.000 kroner sjølv om reduksjonen i arbeidstid skjedde av omsyn til barna.

— Sjølv skilsmissebarn

— Eg gav opp ein glimrande karriere med ei leiarstilling i Telenor for å ta ansvar og omsorg for barna mine. Eg er sjølv skilsmissebarn og veit kva det betyr å sakne ein far i oppveksten, uttala Breistein til Bergens Tidende i fjor då han tok ut stemning mot staten.

I går starta saka i tingretten. I dag møter likestillingsombod Kristin Mile som vitne. Ho har tidlegare stempla behandlinga av Breistein som eit klart brot på likestillingslova. Ho har også slege fast at ut frå praksis i barnefordelingssaker vil det vere mannen som er den tapande parten. Ombodet har også uttala at det er svært uheldig at bidragsreglane blir praktisert slik at dei er til hinder for at menn tek meir omsorg for barna.

- Ugyldig vedtak

— Saka gjeld om barnebidraget skal fastsetjast ut frå faktisk inntekt, eller ut frå den inntekta han kunne ha skaffa seg, sa advokat Øyvind Østberg i innleiingsforedraget sitt i går. Breistein krev tilbakebetaling av 96.000 kroner i for mykje innkrevd bidrag.

Østberg hevda at vedtaka som trygdevesenet har fatta er ugyldige av di dei ikkje har heimel i forskrifta om barnebidrag. I den heiter det at ein bidragsytar ikkje utan rimeleg grunn kan redusere stilling/inntekt for å ta omsorg for barn. Ifylgje Østberg er det nettopp det Breistein har gjort: han har redusert stilling for å ta omsorg for barn.

- Menneskerettsbrot

Østberg gjorde gjeldande at avgjerda som trygdevesenet har fatta i disfavør av Breistein, krenkar fleire av artiklane i den europeiske menneskerettskonvensjonen. Det gjeld retten til privat liv. Det gjeld forbod mot tvangsarbeid, Det gjeld forbod mot kjønnsdiskriminering.

Breistein sin kamp utanfor retten har likevel gjeve visse konkrete resultat som også vil kome andre fedrar til gode om dei reduserer arbeidsmengda for å vere meir saman med barna ved skilsmisse.

På grunn av Breistein si sak instruerte Barne- og familiedepartementet i 2001 Rikstrygdeverket om å endre praksis. Frå då av skulle trygdevesenet utan vidare akseptere at ein bidragsytar gjekk ned til 80 prosents stilling og at dette skulle vere grunnlag for utrekning av bidraget etter skilsmisse.

Redusert

Det vart samstundes opna for å akseptere at bidragsytaren reduserte arbeid/inntekt ytterlegare når det skjedde ut frå omsorgsmessig grunnlag.

Etter dette måtte trygdevesenet redusere grunnlaget for å kalkulere bidraget frå Breistein til 80 prosent. I staden for 500.000 i inntekt, vart det nå kalkulert med 400.000. Men dette vart berre gjort gjeldande frå det tidspunktet nyordninga vart gjennomførd. Etter dette vart det månadlege bidraget redusert frå 7500 til 6000 kroner.

I RETTEN: Stig Breistein får no handsama barnebidragssaka si i Oslo tingrett. <br/>ARKIVFOTO: RICHARD SAGEN