Fagforbundsleiaren meiner International Trade Service (ITS) tok seg til rette då dei klistra ein logo frå Fagforbundet Hordaland på tilbodsbrevet.

— Selskapet seier dei hadde fått løyve til å bruke logoen av ein tilsett på kontoret. Vedkommande avviser dette blankt, og det ligg ikkje føre noko skriftleg løyve til selskapet.

I følgje Heimli har ITS brukt ein gammal og utdatert logo på brevarket.

— Logoar er beskytta. Eg har sagt meininga vår veldig klart til selskapet. Vi har vore i kontakt med forbundet sentralt, og vil måtte vurdere om vi skal følgje opp. Spørsmålet blir kor mykje tid og krefter vi skal bruke.

Konferanse i Ulvik

I følgje Roger Heimli var det ITS som vende seg til Fagforbundet Hordaland. Dei presenterte bestikket, og spurde om det kunne vere interessant tilbod til medlemene. Fagforbundet svarde at det måtte dei 55 lokale foreiningane sjølve avgjere.

ITS fekk så høve til å presentere bestikket på eit møte i Ulvik i haust der lokale leiarar var samla. Heimli veit om tre-fire foreiningar som slo til då. Han meiner mellom 1000 og 2000 medlemer må ha fått tilbodet. I tillegg kontakta ITS alle lokale leiarar på e-post i ettertid.

— Har Fagforbundet Hordaland fått mange reaksjonar?

— Vi har fått ein som går på at Solingen-merket ikkje er prenta inn i bestikket. Så har vi fått nokre reaksjonar på at logoen blei brukt i brevet til medlemene.

I tillegg har fleire fagorganiserte vendt seg til fylkeskontoret med spørsmål om selskapet har fått medlemslistene.

— Det har dei ikkje. Anten har dei lokale foreiningane sjølve ordna med utsendinga, eller så har det skjedd gjennom eit lukka system i Posten, seier Heimli.

Mange har kjøpt

Fagforbundet sin avdeling i Os var mellom dei som slo til då International Trade Service presenterte tilbodet i Hardanger. I dag angrar leiar Jonny Christensen:

— Eg kjenner meg lurt, og eg skjønar dei som reagerer og trur vi har gått god for dette.

— Blei det aldri sjekka kva som var i konvoluttane før dei gjekk til medlemene?

— Det einaste vi gjorde var å klistre namneetikettar på breva til dei bortimot 700 medlemene våre. Selskapet betalte portoen. Min eigen konvolutt heiv eg rett i bosset. Eg er veldig skeptisk til slike tilbod.

Christensen meiner ein god del fagforeiningar slo til då dei var i Ulvik, og har høyrt at svært mange av medlemene har nytta seg av tilbodet. Andre lokale leiarar fortel det same. Berre i Bergen sentrum skal ITS ha selt 400 koffertar.

— Det som har skjedd er så grovt at eg meiner Fagforbundet Hordaland må politimelde selskapet, seier forbundsleiaren i Os.