• Vi bør halde fram med BCG-vaksinering inntil vidare, meiner overlege ved Nasjonalt folkehelseinstitutt, Einar Heldal.

— Men vi må følgje nøye med på utviklinga, og ta denne diskusjonen med jamne mellomrom.

Berre for eit halvt år sidan gjekk vaksineringsdebatten igjen høgt i det norske fagmiljøet. Det var då den nye rettleiaren for tuberkulosekontroll, som trer i kraft etter nyttår, skulle utformast.

— Det vart ein lang diskusjon, men konklusjonen var at vi skulle halde fram inntil vidare. Hovudargumentet er at tuber-kuloseproblemet aukar utanfor Norge, også resistent tuberkulose, som vi meiner BCG-vaksine har effekt på.

— Så BCG blir nærmast å rekne som reisevaksine for nordmenn i dag?

— Ikkje berre, men det er ein viktig funksjon.

— Kvifor ikkje heller påleggje folk å vaksinere seg dersom dei skal dra til land med høg smittefare?

— BCG er ein dårleg reisevaksine. Den må setjast nokre månadar før avreise, og dei fleste har problem med å planleggje så lang tid på førehand, seier Heldal.

Heller ikkje professor og overlege ved Lungeavdelinga på Haukeland universitetssykehus, Amund Gulsvik, synest det er ein god ide å slutte å BCG-vaksinere norske tenåringar.

— Tuberkulosen vil nok ikkje fyke til vers, dersom vi sluttar å vaksinere i Norge, men globalt sett er sjukdomen eit enormt problem. Når unge menneske reiser ut i verda, og blir eksponert for smitte, vil dei vere beskytta av BCG-vaksinen, seier Gulsvik til BT.