Då Kjell Magne Bondevik lanserte si nye bok denne veka, vart det kjent at alvorlege lekkasjar hadde funne stad då Bondevik-regjeringa sitt tryggingsutval drøfta spørsmålet om norske bidrag til NATO-instruktørar i Irak.

Med på drøftingane var ei handfull statsrådar og om lag like mange embetsmenn, pluss eit par statssekretærar.

Slo alarm

Få dagar seinare slo den norske ambassadøren i Washington alarm overfor statsministerens kontor: Frå det amerikanske utanriksdepartementet hadde han fått referert kva fleire av deltakarane på møtet i tryggingsutvalet hadde uttala under møtet.

Statsministerens kontor sette i verk undersøkingar, men fann aldri kjelda.

Professor Jan Fridthjof Bernt ved Universitet i Bergen meiner det kan vere snakk om brot på teieplikta. Han meiner Riksadvokaten bør kontakte Kjell Magne Bondevik om saka.

Bernt, som er spesialist i offentleg rett, trekkjer også lina frå denne lekkasjesaka til straffesaka mot tidlegare byråsjef Arne Treholt. Han vart i 1985 dømd til 20 års fengsel mellom anna for spionasje til fordel for Sovjetunionen.

– Må gå tungt inn

Bernt får støtte frå professor Erling Johannes Husabø. Han seier riksadvokaten må ta opp lekkasjesaka med stort alvor.

– Når ein tidlegare statsminister kjem med opplysningar om lekkasjar på aller høgste nivå, kan eg ikkje skjøne anna enn at riksadvokaten må gå grundig inn i denne saka. Å ikkje gjere det, med den bakgrunnen vi her står overfor, vil etter mitt syn vere ei forsøming med mindre riksadvokaten allereie tidlegare har vore inne i saka, seier Husabø.

Riksadvokaten vurderer nå å setje i verk etterforsking, men har førebels ikkje vurdert å kontakte Bondevik, opplyser konstituert førstestatsadvokat ved riksadvokatembetet, Ulf Stridbeck.

Statuere eksempel

Bernt seier at det kan vere snakk om så alvorlege forhold at det er naturleg at riksadvokaten tek opp saka for å statuere eksempel. Dersom det viser seg at spora peikar i retning av ein statsråd, vil riksadvokaten måtte orientere Odelstinget, som er påtalemakt etter reglane om Riksrett.

Bernt meiner ein kan diskutere om det var kritikkverdig av Bondevik ikkje å initiere etterforsking då han i 2004 vart klar over lekkasjen som hadde skjedd.

– Rettsleg sett var Bondevik i sin fulle rett til ikkje å ta eit slik initiativ, men samstundes må han vere budd på kritikk for det standpunktet han tok, seier Bernt.

Bernt meiner at dei opplysningane som nå har kome fram, tyder på at ein politikar eller embetsmann kan ha opptredd som moldvarp for amerikanarane og gjeve opplysningar om svært sensitive forhold.

– Det er ikkje slik at det berre er i forhold til å levere opplysningar til russarane at det kan vere snakk om spionasje. Ein tenestemann eller ein politikar kan ikkje sjølv avgjere kva han vil gje av opplysningar frå hemmelege drøftingar. Det gjeld også i forhold til amerikanarane, seier Bernt og held fram: