• Ut frå eit likestillingsperspektiv er det ugunstig for kvinner å få born, meiner Jill Loga, postdok.stipendiat ved Rokkansenteret ved UiB.

— Det vert ei ulempe for samfunnet når kvinner ventar lenger med å få born. Samstundes er det ugunstig for kvinnene som har valt å ta lang utdanning. Det er ikkje i alle yrke det er lett å koma attende etter svangerskapspermisjon, spesielt ikkje dersom ein har fleire permisjonar på kort tid, seier Loga.

Ho meiner det norske samfunnet er styrt av ei norm som seier at kvinner skal ha mellom eitt og fire born. Får ein ingen, eller fleire enn fire, vert ein litt uglesett. Ein bør heller ikkje berre vera husmor.

— Kan ein ha begge delar? Både krevjande jobb og born? Då treng ein nokre supermammaer. Spørsmålet er om norma kan verta halden oppe, eller om ein får ei deling mellom det ein sett på spissen kan kalla avlskvinner og karrierekvinner. I dag er det å få born dessverre eit tapsprosjekt for mange kvinner, meiner Jill Loga.