Gårsdagen vart høgst uvanleg både for statsråd Norman, Stortinget og dei politiske journalistane.

I løpet av dagen presterte Norman å skulde Hagen for å nytte «McCarthy-metodar». (Han var amerikansk senator som på 1950-talet dreiv klappjakt på kommunistar til det absurde.) Og ein journalist i Aftenposten fekk høyre at «når du stiller eit slikt spørsmål, er du meir naiv enn eg trudde».

— Bomskot

Dagen starta med ein hastig innkalla pressekonferanse klokka 11.00 - samstundes med statsråd på slottet. Regien var slik at «alle» trudde Norman ville kunngjere sin avgang.

Det gjorde han ikkje.

Fleire stortingsrepresentantar som fylgde pressekonferansen på tv, omtalar forestillinga som «patetisk».

— Heilt patetisk, seier nestleiar i SV, Øystein Djupedal, til Bergens Tidende.

— Norman har ikkje fått med seg Stortinget si rolle og funksjon i samfunnet. Vår rolle er å sjå til at statsrådane og forvaltninga held seg til regelverket. Ein samla Kontrollkomite har peika på at det er tvil om ei lang rad utlegg skulle vore betalt av staten. Det er komiteen si rolle. Det må Norman finne seg i. Det å kritisere Stortinget, og ein stortingsrepresentant, er svært uvanleg frå ein statsråd. Der bommar han, seier Kjell Engebretsen (Ap) til Bergens Tidende. Han er nestleiar i komiteen.

— Eg følte at den kontrollerte, prøvde å skremme kontrolløren frå å gjere jobben sin, seier Carl I. Hagen.

Nekta å svare

I går nekta Norman å svare på fleire spørsmål under pressekonferansen. Han ville ikkje svare på kvifor han hadde fått staten til å dekke lunsjar og middagar for seg sjølv. Han ville heller ikkje svare på korleis han hadde fått embetsverket i departementet til å godkjenne at staten betalte. Han sa også klart nei til å svare på om han nå har endra praksis med å la staten betale lunsjar og middagar for seg sjølv og den øvrige politiske leiinga.

— Det er merkeleg at han ikkje svarar på slike spørsmål. Det burde vere i hans eiga interesse å få saka opplyst så godt som råd, seier Engebretsen.

Krev gjennomgang

— Det er nå ingen veg utanom at departementet tek ein nitid gjennomgang av alle dei rekningane han har fått honorert. Det burde både statsministeren og statsråd Norman forstå, seier Hagen.

Hagen seier at Norman kunne ha lagt heile saka «død» dersom han alt under den første pressekonferansen, for drygt to veker sidan, hadde «lagt seg flat» sagt seg lei for dei feil som måtte vere gjort og klargjort at han ville betale tilbake det han urettmessig hadde fått utbetalt.

— Han kunne ha sagt at han var i god tru då han fekk utgiftene dekt. Vi må nå få svar på kvifor kontrollrutinane var så dårlege at han kunne få honorert rekningar som var staten uvedkomande. Og vi må få vite om det har vore slik at embetsmennene ikkje tør nekte, seier Hagen.

Til Normans skuldingar om at Hagen driv med «McCarthy-metodar» har Hagen denne kommentaren:

— Dette er heilt historielaust. Det er meiningslaust å samanlikne kontrollspørsmål til Norman med dei overgrep som offera for McCarthy vart utsett for.

NORMAN-REGI: «Alle» trudde Victor D. Norman ville kunngjere sin avgang då han hastig kalla inn til pressekonferanse i går. I staden gjekk Norman til frontalåtak på både presse og kritikere på Stortinget. <br/>FOTO: BJØRN SIGURDSØN, SCANPIX