LENA VERMEDAL

Over to år etter ei arbeidsulukke, som reiv sund sener i halsen, er Bjarte Søvik nyleg begynt med opptrening.

— Hadde eg berre kome i gang med rehabilitering raskt etter ulukka, kunne eg kanskje vore i arbeid no. Det seier i alle fall legen eg går til rehabilitering hos.

Den tidlegare så aktive 45-åringen tenner ein røyk på terrassen som ligg bada i sol i Skogsvåg. Innimellom tek han pausar - for å hugsa.

— Det er irriterande å gå to år med skade. Dette kostar samfunnet haugar med pengar. Tenk om dei berre hadde tatt meg seriøst den gangen, seier Søvik oppgitt.

— Eg følte mange gonger at dei fokuserte meir på om eg hadde psykiske problem. Men Søvik kunne ikkje akseptera å bli stempla som psykisk sjuk. På eige initiativ og med økonomisk hjelp frå arbeidsgjevar, drog han til Tyskland for å oppsøkja ein ekspert på slike skader.

Røntgenbileta viste klart og tydeleg ei nakkeskade med avrivne sener, men tilbake i Norge kom baksmellen.

— Eg sat rett ovanfor legen på Nevrokirurgen på Haukeland og bad han sjå på bileta. Han nekta. Det var eit forferdeleg nederlag. Eg hadde brukt fleire tusen kroner på reisa, seier Søvik.

Nokre månader seinare fekk han likevel koma til i eit nytt apparat på Haukeland der dei same skadane blei konstaterte.

Han håpar den nye røntgenundersøkinga i Norge vil hjelpa andre i liknande situasjonar.

Målet for Søvik er å koma delvis tilbake til arbeid rundt juletider.

— Utan ein positiv bedriftslege og gode vener og familie hadde eg nok blitt «han der late som ikkje gidd jobba», men det er ikkje meg.