• Det går mange vandrehistorier om Lariam, men det er litt sant i dei óg.

Det seier smittervernoverlege i Bergen, Øystein Søbstad, til BT. Malariamedisinen har vore anbefalt av Verdas helseorganisasjon i mange år.

— Årsaka er låg pris, enkel dosering og god effekt. Mange legar skriv ut Lariam, og mange pasientar brukar medisinen med hell, seier Søbstad.

— Men første bud i all medisin er: «Primum non nosere», som betyr at det viktigaste er å ikkje skade pasienten. Ein samtale med den reisande i forkant er viktig for å kartleggje om preparatet passar. Folk med angst eller psykiske problem i si sjukehistorie må aldri ta denne malariamedisinen.

Fordi biverknadene kan vere alvorlege, bør folk prøve ein tablett før dei får resept.

— Då ser vi raskt om pasienten tåler malariamedisinen. På den andre sida er biverknadene 100 prosent reversible, og går tilbake når medikamentet er ute av kroppen. Ulempa er at preparatet har relativt langt halveringstid i kroppen: tre veker.