• Skal bygda vår ofrast for å spara 40 millionar kroner på tunnelen? spør jondølene på Torsnes.

På Torsnes er dei redde for at Jondalstunnelen kjem ut i dagen rett framfor bygda deira, og at dei deretter må leva med trafikken gjennom tuna for all framtid.

— Rett nok er det teikna inn ny tunnel gjennom fjellsida bak bygda vår, men det er 2. byggjesteg, og det er få her som trur at den tunnelen nokon gong vert bygt. Etter planen for dette vegvalet skal det brukast litt pengar på å utbetra den smale vegen forbi her. Då endar det nok med at vegen vert utbetra litt no og litt då, og til slutt er det ingen lenger som bryr seg om å byggja den andre tunnelen, seier Gunnar Torsnes frå Torsnes Bygdelag til Bergens Tidende.

Fleirtalet vil utanom

Det er fleire alternativ for Jondalstunnelen. Jondal kommune og eit mindretal i fylkesutvalet er opptekne av å få den billegaste tunnelen. Tunnelen som kjem ut ved Torsnes er etter dei siste justeringane rekna til 470 millionar kroner, medrekna nokre millionar til utviding av fylkesvegen gjennom bygda.

Fleirtalet i fylkesutvalet har derimot røysta for ei vegføring med ny trasé heilt fram til Belsnes utan å røra veg og busetnad på Torsnes. Denne løysinga er og tilrådd av Statens vegvesen, og prisen er rekna til ca. 500 millionar kroner.

Vil kosta meir

— Dersom den billege tunnelen fram til Torsnes skal forlengast med 2. byggjesteg til Belsnes, vil det kosta over 120 millionar kroner i tillegg til dei 470 millionane for 1. byggjesteget. Det gjev ein meirkostnad på over 80 millionar kroner. Desse tala er lette å finna i konsekvensutgreiinga for tunnelen. Og det er denne store kostnaden som gjer oss sikre på at 2. byggjesteget aldri vert bygt dersom valet fell på tunnelen fram til oss, seier Gunnar Torsnes.

Det er eit klårt fleirtal i Jondal kommune styre for den løysinga som har det billegaste 1. byggjesteget. Altså tunnelen fram til Torsnes. Ut frå den tankegang at det aller, aller viktigaste for kommunen er å få på plass vegsambandet. Då må nokre verdiar ofrast, og så får 2. byggjesteget koma når tida er inne.

Vonar på motsegn

Det er Jondal kommunestyre som skal vedta reguleringsplanen, og som dermed har det avgjerande ordet for kvar vegen skal gå, så sant ingen fremjar motsegn. På Torsnes vonar dei på motsegn dersom kommunestyret held fast på tunnelen til Torsnes. Motsegn kan koma frå t.d. Statens vegvesen, Hordaland fylkeskommune eller Fylkesmannen i Hordaland. Dersom det då ikkje vert semje, går vegvalet til endeleg avgjerd i Miljøverndepartementet.

— Vona vår er at tunnelen endar i Miljøverndepartementet. Då trur eg vi har ei god sak. Om ikkje, ser det mørkt ut, seier Gunnar Torsnes.

Han får inga trøyst frå regionvegsjef Ole Chr. Torpp.

— Sjølv om vi har tilrådd ei anna løysing, vil vi godta den reguleringsplanen som Jondal kommune vedtar, seier Torpp til BT. Frps Terje Søviknes har tidlegare sagt det same på vegner av fleirtalet i fykeskommunen.